Sigurd Magnusson Slembe eller «Slembedjakn» var ein norsk tronkrevjar i borgarkrigstida.
Han døydde i 1139. Tilnamnet tyder noko nær «den usle». Sigurd kravde at halvbroren, Harald IV Gille, skulle dela riket med han. Begge var søner av kong Magnus III Berrføtt. Sigurd var son utanom ekteskap, altså ein «uekte» son. Med tvang ville Sigurd tileigna seg kongsmakt, og utropte seg til konge i 1135. I 1136 tok Sigurd livet av Harald Gille medan han sov. Etter at Harald var drepen henta Sigurd fram kong Magnus IV den blinde. Magnus den blinde hadde vorte fanga og blinda av Harald Gille. I namnet åt kong Magnus kravde Sigurd kongsmakt. I slaget ved Holmengrå i 1139 tapte Magnus og Sigurd mot mennene til kong Inge Krokrygg. Magnus den blinde fall. Sigurd Slembe var førar for hæren, men vart fanga og pint til daude. Inge Krokrygg var son av Harald Gille.
Sigurd Slembe | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 1100 Noreg |
Død | 12. november 1139 (39 år) |
Yrke | tronpretendent |
Far | Magnus III av Noreg |
Om Sigurd Slembe og andre tronkrevjarar og kongar kan ein lesa om i Heimskringla, norske kongesoger.
«Sigurd Slembe» er namnet på eit historisk drama av den norske forfattaren Bjørnstjerne Bjørnson. Bjørnson gav ut dramaet i 1863.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Sigurd Slembe, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.