Magnus IV eller Magnus Sigurdsson den blinde (1115–12.
november">12. november 1139) var konge av Noreg i tidsrommet frå 1130 til 1135. Harald IV Magnusson Gille var konge samstundes. Harald Gille lét Magnus IV verta teken til fange. I fangenskap vart Magnus IV kastrert og blinda.
Magnus IV | |||
| |||
Konge av Noreg | |||
Regjeringstid | 1130–1135 | ||
---|---|---|---|
Fødd | 1115 | ||
Fødestad | Noreg | ||
Død | 12. november 1139 | ||
Dødsstad | Hvaler | ||
Gift med | Kristin Knutsdatter | ||
Dynasti | Hardrådeætta | ||
Far | Sigurd Jorsalfare | ||
Mor | Borghild Olavsdatter |
Magnus Blinde var son av kong Sigurd I Magnusson Jorsalfare.
I borgarkrigstida i Noreg var det fleire stridar mellom ulike kongsemne. Byrjinga på borgarkrigstida går attende til då Sigurd Jorsalfare døydde i 1130. Makta vart delt mellom tre søner som heldt kvar si hird. Nye kongsemne, som hevda å vera kongssøner, kom og gjorde krav på kongsnamn. Etter kvart utvikla stridane seg til open strid mellom ulike flokkar.
Magnus IV vart igjen konge i tida frå 1137 til 1139, men då samstundes med Sigurd Slembe og Sigurd Munn.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Magnus IV av Noreg, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.