Shout - part 1
Shout Singel av The Isley Brothers frå albumet Shout! | ||
A-side | ||
---|---|---|
B-side | Shout - part 2 | |
Utgjeve | 21. september 1959 | |
Innspelt | 5. august 5 1959, RCA Victor's Music Center Of The World, New York | |
Sjanger | ||
Lengd | 2:15 (part 1) 2:10 (part 2) | |
Selskap | RCA 7588 | |
Låtskrivar(ar) | Rudolph Isley Ronald Isley O'Kelly Isley, Jr. | |
Produsent | Hugo & Luigi | |
The Isley Brothers-kronologi | ||
«I'm Gonna Knock on Your Door» (1959) | Shout | «Respectable» (1960)
|
«Shout» er ein popsong først spelt inn av The Isley Brothers. Han kom ut i 1959 og var skriven av brørne sjølv, som eit svar til Jackie Wilson sin «Lonely Teardrops».
Songen nådde ikkje høgare enn 47. plassen på Billboard Hot 100, men selde til gullplate og vart mykje spelt av andre artistar både i USA og internasjonalt. Berre ein månad etter han kom ut, spelte Johnny O'Keefe songen på det australske TV-showet Six O'Clock Rock og han nådde tredjeplassen i Australia. Han spelte inn songen på ny i 1964, men han vart då berre ein mindre hit. Joey Dee and the Starlighters nådde sjetteplassen med sin versjon av songen i 1962, medan Isley Brothers-versjonen gjekk inn att på lista same året med ein 94. plass.
Den skotske popsongaren Lulu nådde sjuandeplassen i Storbritannia med songen i 1964 (som Lulu and the Luvvers), og ein åttandeplass med ein nyinnspelt versjon i 1986. The Shangri-Las spelte ein versjon av songen på debutalbumet deira, Leader of the Pack og det same gjorde The Kingsmen i 1965 på albumet Volume 3 og 15 Great Hits i 1966. Tommy James and the Shondells spelte ein versjon av songen i 1967 på albumet I Think We're Alone Now.
Songen vart spelt av Otis Day and the Knights og vart mykje nytta i komedien National Lampoon's Animal House i 1978. Originalversjonen frå 1959 vart nytta i komedien Diner frå 1982. Alvin and the Chipmunks spelte songen i 1996 på albumet Club Chipmunk: The Dance Mixes med Simon på solovokal. The Beatles spelte songen på konsertar og eit konsertopptak var med på Anthology 1 frå 1996. Den amerikanske rockegruppa Bon Jovi spelte songen på konsertar. Det amerikanske poppunkbandet Green Day spelte songen i 2005 på konsertalbumet Bullet in a Bible. Bruce Springsteen har ofte spelt songen live i ein medley med «Twist and Shout». Blaine Anderson (Darren Criss) og Brittany Pierce (Heather Morris) framførte songen i 2013 på Glee. Robbie Williams framførte songen som ein del av «Call & Response Medley» på hans Swings Both Ways-turneen i 2014, i lag med «Reet Petite» og «Hit the Road Jack».
Songen vart innlemma i Grammy Hall of Fame i 1999. Han vart rangert på 118. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene.
120: «Go Your Own Way» Fleetwood Mac | Plassering på lista til Rolling Stone frå 2010 over dei 500 beste songane gjennom tidene 119 «Shout» The Isley Brothers | 118: «Crazy In Love» Beyonce med Jay-Z |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Shout av Isley Brothers, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.