Roslagsbanan er ein elektrifisert, dels einspora dels, dels dobbeltspora smalspora lokalbane for persontrafikk i Stockholms län i Sverige.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
Toga får straum frå ei kontaktleidning med 1 500 V likestraum.
Banen går ut frå Stockholms östra station, deler seg i tre linjer, ei mot Kårsta, ei mot Österskär og ei mot Näsbypark, og dekkjer Stockholms nordaustre forstader og landsbygder. Til saman har Roslagsbanan ei lengd på 65 kilometer med 38 stasjonar og haldeplassar, og er mellom dei mest trafikkerte jarnbanane i Sverige, rekna i talet på ferdafolk.
Roslagsbanan er ein resterande part av den tidlegare Stockholm-Roslagens järnvägar. Sporvidda er berre 891 millimeter, eller tre gamle svenske fot, i motsetnad til den vanlege sporvidda for jarnbanar, trikkar og tunnelbanar på 1435 millimeter, og er den einaste attverande smalspora jarnbanen i Sverige som framleis har regulær trafikk. Banen er no eigd av Storstockholms Lokaltrafik (SL), som er heilt eigd av Stockholms läns landsting, men drifta av toga er sett vekk til eit privat trafikkselskap som nyttar elektriske motorvogntog bygd i åra 1988–1995.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Roslagsbanan, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.