Rila (bulgarsk Рила) er ei fjellkjede sørvest i Bulgaria, og inneheld det høgaste fjellet i Bulgaria og på Balkan, Musala med 2 925 meter.
Massivet er òg det sjette høgaste i Europa (om ein berre tar den høgaste toppen i kvar fjellkjede), etter Kaukasus, Alpane, Sierra Nevada, Pyreneane og Etna. Rila nasjonalpark dekkjer mesteparten av fjellområdet.
Rila | |||
fjellkjede | |||
Land | Bulgaria | ||
---|---|---|---|
Rila 42°11′00″N 23°35′00″E / 42.18333333°N 23.58333333°E | |||
Wiki Commons: Rila | |||
Namnet Rila kjem visst nok frå trakisk og ein trur det tyder «fjell med mykje vatn», sidan Rila har rundt 200 fjellvatn. Nokre av dei lengste og djupaste elvane på Balkan har utspring frå Rila, inkludert Maritsa, Iskar og Mesta.
Kulturelt er Rila vidkjend for Rila kloster, det største og viktigaste klosteret i Bulgaria, som vart oppretta på 900-talet av heilage Ivan av Rila.
Rila er eit kuppelforma horstfjell, og ein del av dei eldste landområda på Balkan. Det oppstod frå granitt- og gneis-bergartar og krystallskifer under Paleozoicum (250 000 000 år sidan), men dei alpine utformingane oppstod under den siste istida for 10-12 000 år sidan. Isbreane på denne tida danna djupe dalgryter, pyramideforma fjell, tindar, forskjellige dalar, morener og andre landskap som er typisk for isbrear.
Rila dekkjer eit areal på 2 400 km². Fjellet stig opp over dei omliggande fjelldalane der Borovets (1 305 meter) knyter saman Musalaryggen med Sjiptsjan, og Sjumnitsa med fjellet Ihtiman Sredna Gora ved fjellovergangen Trajanovi vrata. Jundola (1 375 m) og Abraham (1 295 m) knyter Rila til Rodopifjella i aust, medan Predel (1 140 m) er fjellovergangen mellom Rila og Pirin, og Klisura (1 025 m) mellom Rila og Verila.
Klimaet er typisk for høge fjellområde. Musala får over 2 000 millimeter i året, der 80 % kjem som snø. Den lågaste middeltemperaturen som nokon gong er målt på Musala i februar er -11,6 °C og den lågaste temperaturen er -31,2 °C. Middeltemperaturen i august er 5,4 °C, og det varmaste som er målt er 18,7 °C.
Rila er inndelt i fleire geografiske delar
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Rila, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.