Gneis

Gneis er ein metamorf bergart, det vil seia at han er omforma frå ein eller fleire andre bergartar etter å har vorte utsett for stort trykk og varme.

Gneis inneheld difor dei same minerala som desse bergartane er danna av.

Gneis
Gneis
Gneis
Kjenneteikn
Gruppemetamorf
Hovudmineralkvarts, biotitt, granat, plagioklas
Identifikasjon
Bruksområdebygningsstein, veggplater, golvfliser, gatestein, gravminne m.m.

Gneis inneheld i hovudsak kvarts, biotitt, granat og plagioklas

Grunna trykk og varme har gneisen fått endra struktur. Han har vorte lagdelt og fått ein bølgja utsjånad. Lagdelinga og den bølgja utsjånaden kjem av at dei opphavlege bergartane i ulik grad har vorte blanda. Dei tekniske eigeskapane som spaltbarheit og trykkfastleik kan òg vera kraftig endra samanlikna med den opphavlege bergarten.

Gneis er den vanlegaste bergarten i Noreg. Det er mange kvalitetar og typar gneis. Dei har ulike namn, avhengig av innhaldet av opphavlege bergartar.

Gneisgranitt

Granitt er ein vanleg bergart i Noreg, difor er mykje av gneisen omdanna frå granitt. Gneisgranitt er ein blandingsbergart, som har oppstått når omdanninga (metamorfosen) ikkje er fullstendig, men i grenseland mellom ein metamorf bergart og ein eruptiv bergart. Slike blandingsbergartar har ofte ein stripa utsjånad og kan vera sterkt lagdelte.

Fleire fargar

Fargar oppstår etter kva for mineral bergartane er danna av.

  • Svart kjem av jarnoksid.
  • Rosa eller raud farge kjem av mangan.
  • Grøn farge kjem ofte av serpentin eller kopar.

Kjende norske førekomstar av gneis.

Fleire stader er det steinbrot som tek ut gneis. Desse gneisane har som regel namn (handelsnamn) etter staden der brotet ligg.

Somme førekomstar av gneis inkluderer:

  • Solør, er ljos rosa-raud gneis med mørke små flekkar. Han har handelsnamnet Gneis Royal.
  • Askøy, er gråleg (svakt blågrå) med eit fint bølgjemønster i ljos rosa. Han er ikkje lagdelt. Han er nytta til mellom anna gravminne.
  • Fusa, er ein lagdelt, grå gneis. Han er lett å omarbeide til murstein. Blir nytta til kantstein og tørrmuring. Han er òg fin til bygningstein både ute og inne.

Galleri

Bakgrunnsstoff

Gneis  Commons har multimedium som gjeld: Gneis

Tags:

Gneis granittGneis Fleire fargarGneis Kjende norske førekomstar av gneis.Gneis GalleriGneis BakgrunnsstoffGneisMetamorf bergartMineralTrykkVarme

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

SekulærMont Saint-MichelAda LovelaceKevin VågenesHøgaste fjella i RanaNato-alfabetetEirik BrandsdalGåsOlivia RodrigoLondonMoskvaSkukkLeikanger kommuneInófytaNynorsk WikipediaMorfologi i biologiAngolaJordskorpeplateTamilHelena BrodtkorbLandsmålMikroTokyoAbdusamet YigitHenrik IbsenPlaneten NeptunDigital object identifierPlaneten JupiterYosef Wolde-MariamRafaelTorstein BaeParisKaspihavetKnapstadPeter Wessel TordenskjoldUnicodeMatriarkØstenstadGediminas KirkilasAndalucíaEmma WatsonUrfolk i USADet ukrainske alfabetetMette-Marit av NoregCowboy-LailaCornelis VreeswijkKirkeristenFrida KahloRosenborg slottSilvia av SverigeABondelungeSur i OmanKasakhstanRegnskogInformasjonskapselBlåsjøØrnProfessor emeritusÅsgardOphiocordyceps unilateralisKorrespondent1955Hol kommuneRagnar LodbrokChampions LeagueHaltiPláka DílesiNitrogenTiulenijPeriferien Sentral-HellasSovjetunionenSvartedauenSørøya i FinnmarkRolf WiderøeJa, vi elsker dette landet🡆 More