Rettvenger

Rettvenger (Orthoptera) er ein orden hemimetabole flygande insekt.

Rettvenger
Leptophyes punctatissima
Leptophyes punctatissima
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Infrarike: Protostomia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Seksfotingar Hexapoda
Klasse: Insekt Insecta
Underklasse: Flygande insekt Pterygota
Infraklasse: Neoptera
Orden: Rettvenger Orthoptera
Olivier, 1789

Til gruppa høyrer mellom anna grashopper, sirissar og vortebitarar.

Det er beskrive 13 000 artar rettvenger på verdsbasis. Dei er særs vanlege insekt bortsett frå i kalde strok, i Noreg er det berre registrert 28 artar.

Kjenneteikn

Rettvenger vert kjenneteikna av uvanleg stort protonum, det vil seie ryggskjelettplata på det første mellomkroppssegmentet. Forvengene har ei læraktig, fortjukka region som ofte vert nytta til kurtise eller kamuflasje, medan bakvengene er membranøse og vifteliknande. Ofte har rettvengene store bakbein dei nyttar til å hoppa. Dei høyrer særs godt, og har trommehinner på frambeina og bakkroppen.

Fleire av dei største insekta me kjenner til høyrer til rettvengene. Store grashopper kan bli opp mot 12 cm lange med eit dobbelt så stort vengespenn.

Levesett

Dei fleste rettvengene er planteetarar eller altetarar, men det finst òg reine predatorar. Mange av artane praktiserer ein kurtise der dei «spelar» - hannen lagar høge lydar for å trekka til seg hoa. Dette skjer anten ved at han gnir framvengene mot kvarandre eller gjennom at han gnir bakbeinet mot bakkroppen. Somme artar kan produsera til dels særs høg lyd på denne måten. Det er derimot ingen artar som gnir bakbeina mot kvarandre, som mange trur.

I kulturen

Rettvengene er dei einaste insekta som er lov å eta i jødedommen etter kosher- eller kasjrutlover.

Systematisk inndeling

Det finst 28 artar frå ordenen i Noreg.

Treliste
  • Venga insekt (Pterygota)
    • Neoptera («nyvenger»)
      • Orthopteroida («grashoppeliknande insekt»)
        • Orden Rettvenger (Orthoptera) er delgruppene lauvgrashopper og sirissar (Ensifera) og grashopper (Caelifera).
          • Underorden lauvgrashopper og sirissar (Ensifera)
            • Overfamilie sirissar (Grylloidea)
              • Familie sirissar (Gryllidae)
              • Familie Myrmecophilidae – ikkje i Noreg.
              • Familie jordsirissar (Gryllotalpidae)
            • Overfamilie lauvgrashopper (Tettigonioidea)
              • Familie lauvgrashopper (Tettigoniidae)
              • Familie Haglidae – ikkje i Noreg.
            • Overfamilie Gryllacridoidea
              • Familie Cooloolidae – ikkje i Noreg.
              • Familie kongesirissar (Anostostomatidae) [=Stenopelmatidae] - ikkje i Noreg.
              • Familie bladrullande sirissar (Gryllacrididae) – ikkje i Noreg.
              • Familie holegrashopper (Rhaphidophoridae)
              • Familie Schizodactylidae – ikkje i Noreg.
          • Underorden grashopper (Caelifera) – har forholdsvis korte antenner, og generelt ein litt meir kompakt kropp.
            • Overfamilie Tridactyloidea – ikkje i Noreg, 3 familiar.
              • Familie Cylindrachaetidae
              • Familie Ripipterygidae
              • Familie Tridactylidae
            • Overfamilie torngrashopper (Tetrigoidea)
              • Familie torngrashopper (Tetrigidae)
            • Overfamilie Eumastacoidea – ikkje i Noreg, 8 familiar.
              • Familie Chorotypidae
              • Familie Episactidae
              • Familie Eumastacidae
              • Familie Euschmidtiidae
              • Familie Mastacideidae
              • Familie Morabidae
              • Familie Proscopiidae
              • Familie Thericleidae
            • Overfamilie Tanaoceroidea – ikkje i Noreg
              • Familie Tanaoceridae
            • Overfamilie Pyrgomorphoidea – ikkje i Noreg
              • Familie Pyrgomorphidae
            • Overfamilie Trigonopterygoidea – ikkje i Noreg, 2 familiar.
              • Familie Trigonopterygidae
              • Familie Xyronotidae
            • Overfamilie Pneumoroidea – ikkje i Noreg, 1 familie.
              • Familie Pneumoridae
            • Overfamilie markgrashopper (Acridoidea)
              • Familie Lentulidae – ikkje i Noreg.
              • Familie Pauliniidae – ikkje i Noreg.
              • Familie tornbrystgrashopper (Catantopidae)
              • Familie markgrashopper (Acrididae)
              • Familie Lathiceridae – ikkje i Noreg
              • Familie Ommexechidae – ikkje i Noreg
              • Familie Pamphagidae – ikkje i Noreg
              • Familie Pamphagodidae – ikkje i Noreg
              • Familie Romaleidae – ikkje i Noreg
              • Familie Tristiridae – ikkje i Noreg

Kjelder

Tags:

Rettvenger KjenneteiknRettvenger LevesettRettvenger I kulturenRettvenger Systematisk inndelingRettvenger KjelderRettvengerBiologisk ordenFlygande insektGrashopperHemimetaboleSirissVortebitar

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

TutrakanSikhismenGoogleErik AndersenArian EngebøHjortEdderkoppar i kulturenMusikkgruppa GåteTrabzonKaptein SabeltannIsaac NewtonJolene av Dolly PartonPýliMount EverestSigmaEuropaIdrettshallBokmålXboxBrødskiveOslo Øst fotballEkstaseC++ParisBiologisk familieMax CarlAlta-Kautokeino-vassdragetRussells paradoksElektrisk kraftLike-til-likeFrankrikeGunnhild SundliKattSixteen TonsHistorisk oversyn over kommunar i HordalandPeriferieininga SporadaneAsh Sharqiyah-regionen i OmanFilmserien Harry PotterTutankhamonMagnisíaRichie FaulknerCelsiusMagnetisk feltstyrkeISO 8601Kjerringa med stavenLemmingVendlandSymbolSofie MarhaugWiki CommonsFørste maiJean-François MilletSunnmøreDurgaSophie EliseHepatitt C-virusCoca-ColaTyrkiaKalkulusVictoria av StorbritanniaVierslektaSpaniaMaiken Caspersen FallaPeriferieininga TríkalaKrigHollandGonzález IslandHolbækLundefugl🡆 More