Regionen Valencia

Valencia (valenciansk Comunitat Valenciana; spansk Comunidad Valenciana) er ein av sytten autonome regionar i Spania, sentralt og søraust i landet.

Han er delt inn i tre provinsar, frå sør til nord: Alicante, Valencia og Castellón.

Valencia
Comunitat Valenciana
Comunidad Valenciana
region
Regionen Valencia
Regionen Valencia
Flagg
Regionen Valencia
Symbol
Land Regionen Valencia Spania
Del av Spania
Hovudstad Valencia
Areal 23 255 km²
Type Autonom region
Folketal 5 097 967 (1. januar 2022)
Postnummer VC

Regionen Valencia
39°30′N 0°45′W / 39.5°N 0.75°W / 39.5; -0.75
Wiki Commons: Land of Valencia

Han har ei 518 km lang kystlinje mot Middelhavet og eit samla areal på 23 259 km². Regionen hadde i 2008 like over fem millionar innbyggjarar. Grensene til regionen er omtrent som det historiske Kongedømet Valencia.

Dei offisielle språka i regionen er spansk og valenciansk. Regionshovudstaden er byen Valencia.

Geografi

Dei indre områda av regionen er fjellområde og dei høgaste toppane i Valencia og provinsen Castellón dannar ein del av den iberiske fjellkjeda. Fjella i Alicanta er ein del av Baetic Cordillera. Regionen administrerer òg dei vesle Columbretesøyane og Tabarca ved kysten.

Det mest kjende fjellet i regionen er Penyagolosa, som mange trur er det høgaste fjellet her med ei høgd på 1813 moh. Fjelltoppen Calderón (1839 moh) i Rincón de Ademuz er derimot høgare.

Det heller smale området med særs frodige sletter dekkjer det meste av kysten, bortsett frå rundt Cabo de la Nao og Peñíscola i provinsen Castellón. Typisk for dette kystområde er våtmarksområde og myrland, som L'Albufera nær Valencia, El Fondó i Elche, Marjal nær Pego eller el Prat i Cabanes. Alle av desse er Ramsarstader og viktige område for både trekkfuglar og vassfuglar.

Klima

Regionen Valencia 
Satellittbilete av regionen Valencia. Ein ser lett dei tørre områda i sør. NASA

Valencia har eit generelt mildt klima som er kraftig påverka av Middelhavet. Det er likevel variasjonar i regionen.

  • Middelhavsklima finn ein hovudsakleg langs kystsletta frå dei nordlegaste områda gjennom Benidorm-området. Om vinteren er vêret noko kjølig, men somrane er lange, tørre og varme. Mest nedbør kjem det om våren og hausten, totalt rundt 600 mm på eit år. I Marina Alta og La Safor like nord for Cabo la Nao-neset er likevel nedbørsmengdene normalt opp mot 1000 mm på eit år på grunn av orografisk heving.
  • Middelhavs- til kontinentalklima finn ein i dei indre områda og i høgareliggande område nærare kysten. Her er vintrane kaldare (snø er ikkje uvanleg enkelte dagar), og somrane er milde til varme. Nedbøren i dette området er meir jamt fordelt utover året.
  • Middelhavs- til halvtørt klima finn ein langs kystsletta frå Villajoyosa til dei sørlegaste områda av regionen. Somrane her er særs lange, varme og tørre, medan vintrane er kjølige til milde med særs lite nedbør, typisk mindre enn 300 mm på eit år. Årsaka til at området er så tørt er at det ligg i regnskuggen til åsane vest for Alicante.

Historie

Regionen Valencia 
Biar-borga

Opphavet til dagens Valencia går tilbake til det tidlegare Kongedømet Valencia, som vart grunnlagd på 1200-talet. Jakob I av Aragon leia den kristne erobringa og koloniseringa av dei islamske taifaene med aragonesiske og katalanske folk i 1208 og grunnla Kongedømet Valencia som eit tredje sjølvstendig land innanfor kongemakta Aragon i 1238.

I 1707, som ein del av den spanske arvefølgjekrigen og etter Nueva Planta-resolusjonen, la kong Fhilip V av Spania Kongedømet Valencia og resten av landområda til den tidlegare kongemakta Aragon under seg, men området fekk halde på eit visst sjølvstyre. Bruken av valenciansk som offisielt språk vart då forbode.

Det første forsøket på å få autonomi til regionen Valencia i det moderne Spania var under Den andre spanske republikken i 1936, men den spanske borgarkrigen braut ut og det heile vart utsett. I 1977, etter at Franco-regimet enda, starta Valencia sjølvstyreprosessen igjen og i 1982 vart området ein autonom region.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Regionen Valencia  Commons har multimedium som gjeld: Regionen Valencia
Regionen Valencia  Reiseguide for Regionen Valencia frå Wikivoyage

Tags:

Regionen Valencia GeografiRegionen Valencia HistorieRegionen Valencia KjelderRegionen Valencia BakgrunnsstoffRegionen ValenciaAutonome regionar i SpaniaProvinsen AlicanteProvinsen CastellónProvinsen ValenciaSpaniaSpansk

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

WikiFrozenTrabzonKlima i ArgentinaForbundsrepublikkSofádesBlåbærMusculus latissimus dorsiSnow White and the Seven DwarfsNynorsk WikipediaHarald V av NoregVM i friidrett 1983Kristian IV av Danmark-NoregKvitveisTsjasiv JarLarvik kommuneRussisk litteraturBjørnRakettDet indiske kastesystemetEli Skolmen RygMaoismeBrunDen raude plassenVM i fotball 2022NSDAPNo-dramaEselJordaSigmund FreudMiddelhavetDesta Marie BeederVisentErik AndersenFolkestyreSpekkhoggarNato-alfabetetEØSOslo Øst fotballGrønVaktelKalkulusSong-dynastietYuan-dynastietRussells paradoksWattensNederlandskAfrikaFreddie MercuryParisStrilamålLagerthaFranz LisztHepatitt C-virusDickey BettsHollandDen muslimske verdaApeHenrik II av EnglandSauPetter SalstenDogs av Pink Floyd27-årsklubbenØresundbruaVinter-OL 1988Akhelóos i KardítsaMesonGaukKlima i CanadaAlta-Kautokeino-vassdragetSvart katt🡆 More