Benidorm er ein kystby og kommune i Valenciaregionen i provinsen Alicante i Spania ved Middelhavet.
Benidorm | |||
---|---|---|---|
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Spania | ||
Autonom region | Valencia | ||
Provins | Alicante | ||
Grunnlagd | 1325 | ||
Borgarmeister | Agustín Navarro | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By | 38,51 km² | ||
Innbyggjarar - Totalt (2008) - folketettleik | 70 280 1 825 /km² | ||
Koordinatar | 38°32′N 0°8′W / 38.533°N 0.133°W | ||
Høgd over havet | 15 moh | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 03501-03503 | ||
Nettstad: www.benidorm.org |
Før 1960-åra var berre Benidorm ein liten landsby. I dag er han kjend for hotellindustrien, strendene og skyskraparane og er bygd for ein turistretta økonomi. Byen har kring 70 000 innbyggjarar som bur der permanent, og er den femte største i provinsen. Han er ein av dei viktigaste feriestadane i Spania.
På grunn av den unike horisonten og dei mange høge hotella og bustadblokkene vert han stundom kalla Spania sitt svar på Manhattan eller «Beniyork».
Like ved Benidorm ligg det 1406 meter høge fjellet Puig Campana, som er eit av dei høgaste fjella langs Costa Blanca.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Benidorm, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.