Valencia Club de Fútbol, også kjend som Valencia CF, Valencia eller Los Che, er ein spansk fotballklubb i Valencia.
Klubben spelar i den spanske toppserien La Liga og er ein av dei største og mest suksessrike klubbane i spansk fotball. Valencia har vunne seks seriemeisterskapo, sju spanske cupmeisterskap, Messebycupen to gongar, UEFA-cupen ein gong og Cupvinnarcupen ein gong. Klubben nådde finalen i Meisterligaen to år på rad; tapte i 2000 for Real Madrid og i 2001 for Bayern München, siste gongen etter straffesparkskyting.
Kallenamn | Los Ches Els Taronges (Appelsinane) Valencianistes Los Murciélagos ('Flaggermysene') | ||
---|---|---|---|
Grunnlagd | 18. mars 1919 | ||
Heimebane | Estadio Mestalla (kapasitet: 55 000) | ||
President | Anil Murthy | ||
Hovudtrenar | Rubén Baraja | ||
Liga | La Liga | ||
2018/19 | 4. plass i La Liga | ||
Nettstad | Heimeside | ||
| |||
Noverande sesong |
Valencia CF vart grunnlagt i 1919 og har sidan 1923 spela heiemkampane på Mestalla, eit stadion med ein tribunekapasitet på 55 000. I løpte av 2013 vil klubben take i bruk eit nytt stadiom med plass til 75 000 tilskodarar. Valencia har i lang tid hatt ein byrival i klubben Levante UD, og rivaliserer også med to andre klubbar i Valencia-regionen; Hércules CF og Villarreal CF.
Namn i tabellen vart endra i august 2020.
Note: Flagga viser til landslaget som spelaren kan spela for, som definert av FIFA sine reglar. Spelarane kan ha fleire nasjonalitetar i annan forstand.
|
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Valencia CF, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.