Tabarca

Tabarca er ei spansk småøy i Middelhavet nær byen Santa Pola i provinsen Alicante.

Tabarca er den minste permanent busette øya i Spania og er kjend for det marine reservatet sitt.

Tabarca
Tabarca, Alicante
Tabarca, Alicante
Geografi
Tabarca
Stad Middelhavet
Koordinatar 38°10′N 0°28′W / 38.167°N 0.467°W / 38.167; -0.467

Administrasjon
Land Spania
Provins provinsen Alicante

Demografi
Folketal 98 (2004)

Geografi

Sjølv om han er samfunnsmessig og økonomisk mykje nærare knytt til fiskebyen Santa Pola, høyrer den vesle øya til byen Alicante. I 2004 hadde øya 98 innbyggjarar.

Øya er 1750 meter lang, opp mot 300 meter brei og heilt flat. Like ved øya ligg holmane la Nao, la Galera og la Cantera. Ho ligg om lag 8 nautiske mil sør-søraust for Alicante og 5 nautiske mil aust-søraust for Santa Pola. Turisme er hovudnæringa på øya, særleg om sommaren. Det er fleire båtruter frå Tabarca til Alicante, Santa Pola og Torrevieja. Desse går oftare om sommaren.

Den vesle øya er ein populær destinasjon for dagsturar frå Alicante eller Santa Pola, med ein roleg fiskelandsby, eit gammalt fort, fleire sjømatrestaurantar, ei steinete strand, fleire grotter og tidvassbasseng som er fine å bade i.

Historie

Før 1700 vart øya kalla Isla de Sant Pau ('St. Paulus-øya') eller Illa Plana ('Flatøya'). Ei segn fortel at apostelen Paulus steig i land på øya. Mot slutten av 1700-talet var ho skjulestad for berber-piratar.

Den tunisiske øya Tabarka -som den spanske er kalla opp etter- var ein del av Republikken Genova fram til 1741 då han vart underlagt beyen i Tunis og seinare kongen av Algerie. I 1760 gav Karl III av Spania ordre om å byggje ei festning og folkesette den spanske øya. Ei gruppe genuesiske flyktninga frå kysten av Tunisia, som hovudsakleg kom frå den tunisiske øya Tabarka, slo seg ned her. Namnet Nova Tabarca (Nye Tabarca) vart gjeven av kong Karl III i 1768.

I 1850 vart guvernøren og garnisonen på øya flytta. Mot slutten av 1800-talet hadde øya rundt 1000 innbyggjarar, som hovudsakleg levde av fiske. I dag er øya den minste folkesette øya i Spania, men innbyggjartalet vert tidobla i turistsesongen om sommaren.

Økologi

Tabarca er eit verna marint reservat, Reserva marina de la Isla de Tabarca, med eit variert marint dyreliv. Farvatnet rundt øya er klårt og reint. Øya var den siste staden i det spanske Middelhavet der det fanst munkeselar. Reservatet vart oppretta i 1986 og var det første i sitt slag i Spania

Kjelder

Tags:

Tabarca GeografiTabarca HistorieTabarca ØkologiTabarca KjelderTabarcaMiddelhavetProvinsen AlicanteSpania

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

LinerleFilmserien Harry PotterIrakCyanBizkaiaRSSOlav V av NoregKrøllparentesBill ChamplinTuonelaNile RodgersTeikneserieVM i alpine greiner 2019Norsk folkedansKabaAksel SandemoseMoldedialektRombeEstlandSpekkhoggarWayback MachineRafaelArabiskSymbolNasjonaldrikkEddadiktTaleSennesvikMayo ClinicBloggSåmaskinJordbruksrevolusjonenSør-AfrikaJon FosseOslo kommunePave Johannes Paul ISkypeSirkelCamilla CollettBrigitLønnPedro I av BrasilRoger KjendalenThorleif HaugFylkesveg 751 (fleirtyding)QueenMuldyrBloggerOprah WinfreyAlbert GleizesBrad PittJerusalemKarl XII av SverigeWikiTutankhamonSvastikaElbaDen dominikanske republikkenStorfeTarjei VesaasRonja RøverdatterPetter NorthugTegan and SaraKjerringErik Höglund2016Hellerman RocksLeksikonFredrik SkavlanMogopJosef StalinOrbitalTeltTuvinskSki-NM 1967Brexit🡆 More