Kongedømet Valencia (Regne de Valencia på valenciansk) var eit kristent kongedøme på austkysten av Den iberiske halvøya og låg under kongemakta Aragón.
Då kongemakta Aragón oppstod som ein personalunion med kongemakta Castilla og danna Kongedømet Spania, vart Kongedømet Valencia ein del av Det spanske monarkiet.
Regne de Valencia Kongedømet Valencia | ||||
| ||||
---|---|---|---|---|
Kongdømet Valencia og den administrative strukturen | ||||
Hovudstad | Valencia | |||
Styreform | Monarki | |||
Konge | ||||
- Første | Jakob I | |||
- Siste | Filip IV | |||
Historisk periode | Mellomalderen | |||
- Kongedømet Valencia oppretta som sjølvstendig kongedøme | 1237 | |||
- Opphøyrde | 1707 |
Kongedømet Valencia vart formelt skipa i 1237 då den mauriske taifaen Valencia vart erobra under reconquista. Kongedømet vart avskaffa av Filip V av Spania i 1707 med Nueva Planta-resolusjonen etter den spanske arvefølgjekrigen.
Medan det eksisterte hadde Kongedømet Valencia sine eigne lover og institusjonar (Furs de València) som gav dei breitt sjølvstyre både i kongemakta Aragón og seinare i Kongedømet Spania.
Grensene og identiteten til dagens spanske autonome region, regionen Valencia, er i stor grad basert på det tidlegare kongedømet.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Kongedømet Valencia, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.