Raúl Castro Ruz (fødd 3.
juni">3. juni 1931) er ein kubansk politikar og revolusjonær, og president på Cuba sidan 24. februar 2008. Han er bror av Fidel Castro. Han har vore andresekretær i Cubas kommunistiske parti sin sentralkomité sidan det vart stifta i 1965, første visepresident i stats- og ministerrådet og forsvarsminister sidan 1959. Raúl deltok i 1953 i angrepet på militærleiren Moncada i byen Santiago de Cuba ,, og var ein av grunnleggjarane av 26. juli-rørsla. Det var gjennom Raúl at Che Guevara vart introdusert overfor Fidel Castro og involvert i den cubanske revolusjonen.
Raúl blir av enkelte observatørar skildra som Cubas militære «jernhand», og derfor som ein lite reformvennleg person. Andre igjen hevdar at Raúl Castro har lært mykje av Fidel sine suksessar og feiltrinn, og derfor vil vise seg som ein reformvennleg leiar.
Føregangar Fidel Castro | President i Cuba 2008 | Etterfylgjar |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Raúl Castro, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.