Quezon (filippinsk: Lungsod ng Quezon) er den folkerikaste byen på Filippinane.
Byen ligg på øya Luzon, og er av ein av byane som til saman utgjer metropolen Manila, hovudstadsregionen i landet. Meir enn 2,7 millionar menneske bur i Quezon, som dekker eit areal på 166,2 km².
Quezon Lungsod Quezon | |||
by | |||
| |||
Land | Filippinane | ||
---|---|---|---|
Region | Metro Manila | ||
Areal | 171,71 km² | ||
Folketal | 2 960 048 (1. mai 2020) | ||
Grunnlagd | 12. oktober 1939 | ||
Borgarmeister | Joy Belmonte | ||
Quezon 14°39′00″N 121°02′51″E / 14.65°N 121.0475°E | |||
Plassering i Metro Manila | |||
Wiki Commons: Quezon City | |||
Nettstad: https://quezoncity.gov.ph/ | |||
Byen vart grunnlagd i 1939 og er oppkalla etter Manuel L. Quezon, den dåverande presidenten i Filippinane. Quezon var landets hovudstad frå 1948 til 1976, og hyser framleis det nasjonale parlamentet, det såkalla representanthuset. Både det nasjonale universitetet, Diliman, og universitetet Ateneo de Manila ligg i Quezon. Byen Quezon ligg ikkje i provinsen Quezon, som også har namn etter presidenten.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Quezon, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.