Qandilfjella (kurdisk چیای قەندیل, Çiyayên Qendîl) er eit fjellområde i Irakisk Kurdistan nær grensa til Iran.
Regionen høyrer til under Zagrosfjella og er vanskeleg å nå med særs kupert terreng. Dei høgaste toppane er på over 3 000 meter over havet.
Qandil | |||
قەندیل, Çiyakanî Qendîl | |||
fjellkjede | |||
Land | Irak | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Arbil guvernement | ||
Høgd | 3 587 moh. | ||
Koordinatar | 36°32′28″N 44°59′46″E / 36.54111°N 44.99611°E | ||
Qandilfjella 36°32′28″N 44°59′46″E / 36.54111111°N 44.99611111°E | |||
|
Området er kjent som ein tilfluktsstad og hovudkvarter for det kurdiske, venstreorienterte Kurdistans arbeiderparti (PKK). Kring 5 000 PKK- og andre væpna geriljafraksjonar kontrollerer området på kring 50 km², som sporadisk har blitt bomba av det tyrkiske luftforsvaret og iransk artilleri i fleire år. Partiet for fritt liv i Kurdistan (PJAK) held òg til i Qandil i lag med PKK, og frå her kan dei infiltrere Iran.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Qandilfjella, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.