I tradisjonell grammatikk er eit predikat ein av de to hovuddelane i ei setning (den andre hovuddelen er subjektet, som vert modifisert av predikatet).
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask |
Opprydding: Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. |
I moderne lingvistisk semantikk er eit predikat eit uttrykk som kan vera sant om noko. Uttrykk som er gul er sanne om dei tinga som er gule, og likar brokkoli er sant om dei som likar brokkoli. Denne måten å definere predikat på er nært relatert til predikatslogikken, og vil inkludera fleire uttrykk enn den tradisjonelle definisjonen. Til dømes vil substantiv og nokre typar adjektiv tella som predikat i fylgje den moderne definisjonen, men ikkje i fylgje den tradisjonelle.
I tradisjonell grammatikk er eit predikat ein av de to hovuddelane i ei setning. Predikatet må innehalda eit verb, og verbet vil krevja, tillata eller utelukke andre setningsledd til/frå og gjera predikatet fullstendig. Dette vert ofte referert til som verbet sin valens og vert nærare diskutert i artikkelen om verb. I den fyrste setninga nedanfor er objekt et (boka si) naudsynt for å utfylla predikatet. I resten av setningane er predikata understreka, og dei setningsledda som er påkravd for å utfylle desse er sett i [hakeparentesar].
Kopulaverbet vere må til for å laga eit predikat av ikkje-verbale fraser, som substantivfraser og adjektivfraser. Når substantiv– og adjektivfraser vert brukt som predikat med kopula, ver dei kalla predikative subjstantiv– og adjektivfraser.
Predikatet seier noko om subjektet. Relasjonen mellom eit subjekt og eit predikat vert ofte for kalla eit neksus.
I filosofi meiner ein med "predikat" stort sett det som kan "seiast om" noko anna, ofte eit substantiv. Her kan Aristoteles sine ti verekategoriar vere hjelp i.
Substansar (kat. 1) er unike i at dei er uavhengige. Dei andre ni kategoriane er "tilfeldige." Desse er alle avhengige av substansar og kan ikkje eksistere i seg sjølv. Døme: raudleik, storleik, etc.
Kategori 2-9 er alle predikert av eit substantiv, eller t.d. av kvarandre.
Predikat kan delast inn i forskjellige klassar etter forskjellige skiljelinjer. Nokre av dei norske termane som vert brukt nedanfor er ikkje veletablerte, men det finst ofte ingen gode norske alternativ. Dei engelske (meir veletablerte) omsetjingane er gjevne i parantes.
Lingvisten Greg N. Carlson synte at predikat kan delast inn i dei fylgjande klassane, som har å gjere med korleis eit predikat er relatert til subjektet. For vidare diskusjon av skiljet mellom individ– og stadiumpredikat, sjå Kratzer og Jäger.
Eit stadiumpredikat ("stage-level" predikat, ofte forkorta "s-l-predikat") er sant om eit stadium av subjektet i tida. Dersom Jens er svolten er dette ein eigenskap som varar ei stund, og vanlegvis ikkje heile tida. Stadiumpredikat kan opptre i særs mange grammatiske konstruksjonar, og er sannsynlegvis den mest (mat–)nyttige av Carlson-klassane.
Et individpredikat ("individual-level" predikat, ofte forkorta "i-l-predikat") er alltid sant om subjektet. Dersom Jens er menneske er dette ein eigenskap ved han uansett kva tidspunkt vi vurderer.
Individpredikat er meir avgrensa enn stadiumpredikat med omsyn til kva grammatiske omgjevnader dei kan opptre i. Individpredikat er ugrammatiske i "presentasjonssetningar":
Stadiumpredikat kan modifiserast av måtesadverb og andre predikatsadverbial. Individpredikat kan ikkje verta modifisert på denne måten.
Når (verbet i et) eit individpredikat vert bøya i preteritum får vi noko som ofte vert kalla ein livtidseffekt: Subjektet må antakast å vera dødt, ikkje lenger eksisterande eller på andre måtar utilgjengeleg.
Et slagspredikat ("kind-level" predikat, nokon gonger forkorta "k-l-predikat") seier noko om slag eller typar av ting, men kan ikkje verta brukt om individuelle medlemmar av dette slaget. Eit døme på dette er har døydd ut. Ein kan ikkje seie om eit individuelt dyr at det har "døydd ut." Dei kan ein berre seie om arten dette individet er (var) eit medlem av, som i det fylgjande dømet.
Nokre typar substantivfraser kan ikkje fungera som subjektet til eit slagspredikat. Eigenamn kan det ikkje, og heller ikkje ubestemte substantivfraser i eintal. Dersom substantivfrasen er bestemt, kan den vera subjekt for eit slagspredikat, også dersom den er bøya i fleirtal.
Ei anna inndeling av predikat har å gjere med korleis dei interagerer med fleirtalssubjekt. Gruppepredikat (eller kollektive predikat) krev fleirtalssubjekt, mens distributive predikat gjer ikkje det. Døme på gruppepredikat er omringa huset og lyfte pianoet saman, eller treffast på byen.
Substantivfraser som har eit gruppesubstantiv som kjerne, kan fungera som subjekt for eit gruppepredikat, sjølv når dei er bøya i eintal. Døme på gruppesubstantiv er komité, flokk og gjeng.
Nokre kvantifiserte substantivfraser kan kombinerast med gruppepredikat, mens andre ikkje kan det. Substantivfraser med determinanten alle kan, mens dei med determinanten kvar er ugrammatiske i slike setningar. (På nynorsk er dette vanskeleg å finne gode døme på, difor er dei to døma nedanfor på bokmål).
Filosofen Zeno Vendler klassifiserte verb etter deira aspektuelle eigenskapar. Grovt sagt har dei å gjere med korleis verba presenterer tidsforløpet til dei hendingane dei refererer til. Etter arbeida til den nederlandske lingvisten Henk Verkuyl er det ålment anerkjent at Vendler si klassifisering bør brukast på predikat snarare enn verb. Korvidt Vendler-klassane er korrekte i sin originale form, er et kontroversielt tema, men dei fleste semantikarar er einige i at noko slikt som Vendler-klassane er relevant. Vendler-klassar er relaterte til omgrepet telisitet.
Eit predikat er ein tilstand ("state"), dersom det presenterer den "hendinga" den refererer til som ein statisk, uforanderleg masse. Slike predikat kan seiast å vere temporalt uavgrensa. Ein setning som Jens er sjuk seier ingenting om kor lenge Jens er sjuk, eller når denne tilstanden sette inn. Døme på tilstandspredikat er er sjuk, kan fransk, søv og er sint.
På engelsk kan desse tilstandspredikata vanlegvis ikkje bøyast i progressiv. Norsk har ikkje noko progressiv bøying, men vi har uttrykk som "held på med å" "driv og" som har om lag same tydinga og gjev særs like resultat.
Dei kan opptre saman med adverbial som i ein time, men ikkje med på ein time.
Aktivitetspredikat liknar på tilstandspredikat på den måten at dei presenterer hendingar som "uavgrensa i tid." Dei skil seg frå tilstandspredikat fordi dei involverer endring. Døme på aktivitetspredikat er jogga, snorka høgt, falla gjennom lufta, osv.
På engelsk kan aktivitetar bøyast i progressiv, og på norsk kan dei dermed opptre saman med "driv og.." eller "held på med å..."
Dei er som tilstandspredikat med omsyn til adverbiala i/på ein time.
Fullføringspredikat involverer også endring, men dei presenterer hendingar som temporalt avgrensa. De vert ofte "dekomponert" i to "endepunkt" og ein "prosess." Døme er byggja eit hus og springa til butikken.
På engelsk kan fullføringspredikat også bøyast i progressiv, og på norsk kan dei kombinerast med "driv og" eller "held på med å."
Dei kan ikkje kombinerast med i ein time, men dei kan kombinerast med på ein time.
Prestasjonspredikat er som fullføringspredikat som manglar ein prosess. Dei refererer til ei brå eller punktmessig endring. Døme er "nå toppen," "vinna konkurransen" eller "finna brillene sine."
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Predikat, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.