- Totalt - % vatn
| |||||
Hovudstad | Perm | ||||
Areal | Rangering: 27. 160 237 km² | ||||
Innbyggjartal - totalt | Rangering: 15. ca. 2 904 000 (2003) | ||||
Føderalt distrikt | Privolzjskij (Volga) | ||||
Økonomisk region | Ural | ||||
Regionsnummer | 90 | ||||
Offisielt språk | Russisk | ||||
Guvernør | Oleg Anatoljevitsj Tsjirkunov | ||||
Nasjonalsong | |||||
Tidssone | UTC +0500 |
Perm kraj (russisk skrift Пермский край) er eit territorium (kraj) i Russland og eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Hovudstaden er Perm, arealet er 160 237 km² og innbyggjartalet er 2 904 000 (2003). Perm kraj vart danna ved samanslåinga av Perm oblast og Komi-Permjakia den 1. desember 2005.
Perm kraj ligg helt i aust i Europa der den store russiske sletta møter Uralfjella. Det høgste punktet er 1469 meter over havet, og ligg i Ural-fjella.
Russisk busetjing i dette området starta på 1500-talet. I 1780 vart provinsen Perm oppretta. Perm oblast vart oppretta i 1938. Det autonome området Komi-Permjakia var underlagt Perm oblast. Etter oppløysinga av Sovjetunionen vart Komi-Permjakia eit eige føderasjonssubjekt, sjølv om det framleis var tilknytt Perm oblast. I oktober 2004 vart det avheldt ei folkerøysting om full samanslåing av dei to områda, og framlegget om dette fekk fleirtal.
Folketalet i Perm kraj er minkande. Det minka med 4,5 % frå 1990 til 2003 (frå 3 042 000 i 1990). Dei største byane er Perm (991 200 ibuarar) og Berezniki (156 500).
Den største delen av folket er etniske russarar. Ved folketeljinga i 2010 var den etniske samansetjinga:
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Perm kraj, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.