Valkyrien (tysk Die Walküre), WWV 86B, er ein tyskspråkleg opera i tre akter med tekst og musikk av Richard Wagner, og inngår som det andre av fire musikkdrama som utgjer Wagners syklus Nibelungenringen (Der Ring des Nibelungen).
Han vart framført som ein enkeltopera ved nasjonalteateret i München den 26. juni 1870, og hadde den første framsyninga si som ein del av Ring-syklusen under festspela i Bayreuth den 14. august 1876.
WWV 86B Opera av Richard Wagner | |||
Schotts vokalpartitur for Valkyrien (1899) | |||
Periode | Romantikken | ||
---|---|---|---|
Urframføring | 26. juni 1870 | ||
Typisk lengd | ca. 3 timar 45 minutt | ||
Satsar/akter | 3 aktar | ||
Libretto av | Richard Wagner |
Teksten vart fullført i juli 1852, og musikken i mars 1856. Wagner følgde i stor grad prinsippa knytt til musikkdrama-formatet som han hadde beskrive i essayet Oper und Drama frå 1851. Her skulle musikken tolka teksten emosjonelt og reflektera over kjenslene og stemningane bak verket, ved hjelp av eit system med tilbakevendande leiemotiv for å representera karakterar, idear og situasjonar i staden for dei konvensjonelle operatiske einingane til ariar, ensemble og kor.
Som med Rhingullet ønskte Wagner å utsetja kvar framføring av det nye verket til det kunne visast som del av den fullførte syklusen, men premieren i München i 1870 vart arrangert etter at mesénen hans kong Ludwig II av Bayern insisterte. Meir enn dei andre Ring-dramaa har Valkyrien oppnådd ein viss popularitet som eit frittståande verk, og blir framleis framført uavhengig av rolla si i tetralogien.
Historia til Valkyrien er basert på den norrøne mytologien fortalt i Volsungesoga og Den eldre Edda. I denne versjonen møter Volsung-tvillingane Sieglinde og Siegmund, som vart skilde i barndommen, kvarandre og forelskar seg. Denne unionen opprører gudane, som krev at Siegmund må døy. Sieglinde og det ufødte barnet til paret blir frelste av dei ulydige handlingane til Wotan si dotter, tittelfiguren, valkyria Brünnhilde. Som eit resultat må ho stå overfor guden si gjengjelding.
Rolle | Skildring | Stemmeleie | Premierebesetningen i München, 26. juni 1870 (Dirigent: Franz Wüllner) | Premierebesetningen ved den første Bayreuth-festivalen, 14. august 1876 (Dirigent: Hans Richter) |
---|---|---|---|---|
Menneske | ||||
Siegmund | Volsung, son av Wotan, Sieglindes tvillingbror | tenor | Heinrich Vogl | Albert Niemann |
Sieglinde | Volsung, dotter av Wotan, Siegmunds tvillingsøster | sopran | Therese Vogl | Josephine Schefsky |
Hunding | Neiding-klanens høvding; Sieglindes ektemann | bass | Kaspar Bausewein | Josef Niering |
Gudar | ||||
Wotan | Guden for krig og kontraktar, herskaren til gudane | bassbaryton | August Kindermann | Franz Betz |
Fricka | Ekteskapets gudinne, Wotans ektefelle | mezzosopran | Anna Kaufmann | Friederike Grün |
Valkyrjer | ||||
Brünnhilde | Wotans dotter via Erda. | sopran | Sophie Stehle | Amalie Materna |
Gerhilde | Wotans dotter | sopran | Karoline Lenoff | Marie Haupt |
Ortlinde | Wotans dotter | sopran | Henriette Müller-Marion | Marie Lehmann |
Waltraute | Wotans dotter | mezzosopran | Hemauer | Luise Jaide |
Schwertleite | Wotans dotter | alt | Emma Seehofer | Johanna Jachmann-Wagner |
Helmwige | Wotans dotter | sopran | Anna Possart-Deinet | Lilli Lehmann |
Siegrune | Wotans dotter | mezzosopran | Anna Eichheim | Antonie Amann |
Grimgerde | Wotans dotter | mezzosopran | Wilhelmine Ritter | Hedwig Reicher-Kindermann |
Roßweiße | Wotans dotter | mezzosopran | Juliane Tyroler | Minna Lammert |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Operaen Valkyrien, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.