Metropolitan Opera

Metropolitan Opera House, populært kalla The Met, er eit operahus i New York.

Det ligg ved Lincoln Square i New York og er ein av tolv kulturinstitusjonar som tilsaman utgjer Lincoln Center for the Performing Arts. Metropolitan Opera er den største organisasjonen for klassisk musikk i Nord-Amerika. Han syner fram rundt 27 ulike operaer årleg i ein sesong som varer frå seint i september til mai. Operaene blir viste i eit roterande speleskjema med opptil sju framføringar av fire ulike verk kvar veke. Førestillingane blir haldne om kvelden frå måndag til laurdag, med ein matiné på laurdagen. Kvar sesong har operaen fleire nye produksjonar, nokre av dei henta frå eller samproduserte med andre operahus. Dei andre produksjonane kjem frå tidlegare sesongar.

Metropolitan Opera
Metropolitan Opera House ved Lincoln Center
Metropolitan Opera
Metropolitan Opera i 1937

Operahuset blei skipa i april 1880. Det første teateret det brukte, Old Met, opna 22. oktober 1883 med ei framføring av Charles Gounod sin opera Faust med svenske Christina Nilsson i ei av hovudrollene. Dagens hus ved Lincoln Center, med utsmykkingar av Marc Chagall, har vore i bruk sidan 1966 og kan husa 3 765 tilskodarar. Operaen er også heimesene for American Ballet Theatre.

Operahuset har eit breitt repertoar som spenner frå 1700-talesbarokk til bel canto frå 1800-talet og minimalisme frå 1900-talet. Utøvarane ved operahuset er eit symfoniorkester, eit kor, eit barnekor og fleire songarar. Det bruker også fleire frilansartistarsom dansarar, skodespelarar, musikarar og andre utøvarar. Amerikanske og internasjonale utøvarar kan ha kortare eller lengre tilknytingar til operahuset. Nokre, som Renée Fleming og Plácido Domingo, har hatt langvarige kontaktar med operahuset med fleire opptredenar kvar sesong.

Førestillingar frå The Met blir overførte direkte til fleire stader i verda på radio og på film. I Noreg blir desse operaforestillingane viste ved Gimle og Ringen kino i Oslo, Asker kino, Bergen kino, Kilden kino i Tønsberg, Tromsø kino og Trondheim kino.

Utøvarar ved The Met

Den første norske som opptredde ved Metropolitan Opera var Ivar F. Andresen i rolla som Daland i Wagner-operaen Den flyvende Hollender den 11. januar 1930.

I februar 1935 gjorde den dramatiske sopranen Kirsten Flagstad ein sensasjonell debut på Metropolitan som Sieglinde i Wagner-operaen Valkyrien. Flagstad, som tidlegare hadde vore nokså ukjend internasjonalt, var i løpet av ein lørdag formiddag blitt ei verdsstjerne og hadde redda «The Met» frå konkurs.

Andre norske songarar som har opptredd ved The Met er Ingrid Bjoner, Ragnar Ulfung, Aase Nordmo Løvberg, Anne Gjevang, Solveig Kringlebotn, Randi Stene, Elizabeth Norberg-Schulz og Ingeborg Schübeler Gillebo. Kolbjørn Høiseth gjesta Metropolitan med Stockholmsoperaen.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Metropolitan Opera  Commons har multimedium som gjeld: Metropolitan Opera

Tags:

Klassisk musikkNew YorkNew York byOperaOperahus

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Georgia2. aprilScrabbleNasjonalplantarAkslaKvartalBlåmannFirkantfolketSeglvikTrikktrakkBitcoinBronkiektasiJonas Gahr StøreBjørnTadsjikistanURLDet indiske kastesystemetNummererte småplanetar/2001–3000MexicoHundorpNazismeAmfidromisk punktReinfjordenSverigeHalelause padderDifferensialdiagnoseSigurd NesdalJulius CæsarAndre verdskrigenApeSionistLagerthaAnnita á FríðriksmørkRSSO helga nattHollandØresundbruaSandsøya i SandeWikipediaBrad PittÆrfuglAlaskaTurn under Sommar-OL 1980Ål kommuneHasardWikiSlåttar frå HallingdalRonja RøverdatterMari MaurstadOsloSofie MarhaugBulgarsk geografiHalsE85KirkenærIvar AasenMidsommarKonglebitCosta RicaMosambikOttomanPåskeøyaHuai'anKlubbe-stanEttermæleTutankhamonHepatitt C-virusDet latinske alfabetetGrunnstoffliste etter namnMaud av NoregKapp Verde🡆 More