Opera Software

Opera Software ASA (OSE: OPERA) er eit børsnotert selskap som utviklar nettlesaren Opera for PC-ar, handhaldne maskinar (som f.eks.

mobiltelefonar) og fleire andre plattformar. Opera Software ASA blei børsnotert ved Oslo Børs i 2004. Selskapet har ein market cap på 1,8 milliardar kroner. Gründer og dagleg leiar Jon Stephenson von Tetzchner er største aksjonær.

Opera Software
Opera Software
Org.formAllmennaksjeselskap
Org.nr.916368127, 974529459
BransjeProgramvareutvikling, internettbransjen, programvarebransje, marknadsføring
Skipa1994
EigarFolketrygdfondet
HovudkontorOslo, Oslo
LandNoreg
ProduktNettlesaren Opera, Opera Coast, Opera Mail, Opera Mini, Opera Mobile, programvare, Opera GX
Tenestermobilapplikasjon, datakomprimering
Grunnleggjar(ar)Geir Ivarsøy
Resultat-15 400 000 USA-dollar (2017)
Nettstadhttps://www.opera.com/ (engelsk)
Opera Software
Opera si stand ved GSMA Barcelona 2008.

Nettlesaren er verdast tredje mest populære. Den er kjend for å vere liten og rask, og for å følgje industristandardane. Opera Software samarbeider blant anna med IBM, Nokia, Motorola, Macromedia, Canal+ Technologies og Ericsson. Hovudkvarteret ligg i Oslo, men selskapet har og kontor i Sverige, Kina, Japan, Sør-Korea, Polen, Tsjekkia, Taiwan, India og USA.

Opera jobbar i samarbeid med Nintendo for å skape ein integrert nettlesar til spelkonsollen Wii. Ein versjon av nettlesaren har allereie blitt utgjeven.

Historie

Selskapet blei starta 30. august 1995 av Geir Ivarsøy og Jon Stephenson von Tetzchner. Ivarsøy og von Tetzchner var ein del av Telenor si utviklingsavdeling på Kjeller der dei utvikla ein nettlesar dei kalla MultiTorg Opera. Prosjektet blei skrinlagt av Telenor, men i 1995 fekk dei rettane til programvara og starta sitt eige firma for å vidareutvikle henne. Pr. mars 2008 har selskapet 510 tilsette, og avdelingar i fleire land.

Opera Software ASA blei børsnotert ved Oslo Børs med tickaren OPERA 11. mars 2004. Teikningskursen ved børsintroduksjon var 10,- NOK.

20. september 2005 annonserte Opera at dei ville fjerne reklamen frå nettlesaren og gjere han gratis. Opera var gratis å laste ned og bruke også før dette, men då vart det vist reklame øvst i nettlesaren om ikkje brukaren kjøpte ein lisens.

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

Opera Software HistorieOpera Software Sjå ògOpera Software KjelderOpera Software BakgrunnsstoffOpera Software2004MobiltelefonNettlesarNettlesaren OperaOslo BørsPersonleg datamaskin

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Føderal republikkKolanøttSanta Claus av Paul McCarthyNorske militære gradarMarikkenElvis PresleyØystein SundeMarte GerhardsenBiologisk slektFredrik IX av DanmarkInternasjonalenStord kommuneSkottlandAmasoneIndonesiaBryan AdamsFacesBerlinblokadenSwahilikulturJens BreivikNynorsk Wikipedia27-årsklubbenGangesAnne Lise GjøstølPiknikkorgIrritasjonBergen kommuneKielkanalenJesusA Touch of ClassDanmark i SandviksbuktaKvintakkordReguleringsventilMusvåkSadrSverigeJamstellingsvedtaketHeidi Ruud EllingsenSiamThe Power to BelieveSovjetunionenHound DogØstfold fylkeDet greske flaggetPeter GabrielAgnetha FältskogNasjonaldagVårsandbieAlbert EinsteinMøreDet første krosstogetVerdsmeisterskapen i roing 2022Jonas Gahr StøreEdvard GriegHellasFørste maiPandaIslandske nasjonaldrakterAndre pinsedagHimmelFredrik SolvangJomfru MariaI'm Still StandingBergenKvigeChamonixPlayStation 5Michael Clarke DuncanJohan CruijffVerdas landTilsynelatande storleiksklasseKnut Marius DjupvikStillehavetDurgaSiri KalvigAutoritærJean-Claude Juncker🡆 More