Ibm

International Business Machines, forkorta til IBM, er eit internasjonalt lutlag frå USA.

IBM vart skipa i 1889 i New York, og vart eit lutlag i 1911.

IBM
Ibm
Ibm
Stormaskinen «Watson», som blant annet brukes til kunstig intelligens Sjå dette på Wikidata
BransjeProgramvarebransje, maskinvare, informasjonsteknologi
Skipa16. juni 1911
Forgjengar(ar)Dehomag, Computing Tabulating Recording Company
DotterselskapLotus Software, Object Technology International
Eigenandel iLotus Software
HovudkontorNew York by
LandUSA
Produktprogramvare, datasenter, tabuleringsutstyr, direct-access storage device, maskinvare, list of IBM products, skydatahandsaming
Grunnleggjar(ar)Thomas J. Watson
StyreleiarGinni Rometty (april 2014)
Adm.dir.Ginni Rometty (2012), Samuel J. Palmisano (2002), Louis V. Gerstner jr. (1993), John Fellows Akers (1985), John R. Opel (1981), Frank T. Cary (1973), Thomas Watson (1956), Thomas J. Watson (1914)
Salsinntekter1 156 000 000 USA-dollar (2022)
Omsetnad1 156 000 000 USA-dollar (2022)
Resultat1 639 000 000 USA-dollar (2022)
Marknadsverdi157 832 000 000 USA-dollar (31. desember 2016), 133 507 000 000 USA-dollar (31. desember 2015), 124 003 000 000 USA-dollar (31. desember 2017), 119 999 000 000 USA-dollar (7. april 2021), 125 140 000 000 USA-dollar (24. august 2021)
Nettstadhttps://www.ibm.com/ (engelsk)
Ibm
IBM 5150 med tastatur og grøn monokrom skjerm. Køyrer MS-DOS 5.0
Ibm
IBM Thinkpad R51.

IBM er éi av dei største og eldste teknologiverksemda i verda med over 380 000 tilsetje og ei omsetjing på $98 milliardar (2007).

På grunn av den blå logoen og storleiken, vert IBM kalla store blå (Big Blue på engelsk).

Historie

IBM si historie byrja fleire tiår før utviklinga av datamaskinen – før den tid produserte ein holkortmaskinar. Opphavleg het verksemda Computing Tabulating Recording Corporation (CTR), som vart oppretta som eit aksjeselskap 15. juni 1911 i Binghamton, New York. Denne verksemda var ein fusjon mellom Tabulating Machine Corporation, Computing Scale Corporation og International Time Recording Company. Direktøren for Tabulating Machine Corporation var den gong Herman Hollerith. Thomas J. Watson Sr., som grunnla IBM, vart direktør for CTR i 1914 og administrerande direktør i 1915. 14. februar 1924 endra CTR namn til International Business Machines Corporation (IBM).

Verksemdene som vart fusjonert under CTR-namnet, framstilte eit breitt utval produkt, blant anna tidsstyringssystem, vekter, automatiske kjøttskjerarar og, vektigast av alt for utviklinga av datamaskinen, holkortutstyr. Etter kvart fokuserte CTR utelukkande på holkortutstyr, og innstilte anna aktivitetar.

Omstillinga på 1990-talet

Etter å ha vore leiande i fleire tiår, snubla IBM inn i 1990-talet. Kvalitetsforskjellen overfor produkta hjå konkurrentane vart redusert, og selskapet sine høgare prisar lét seg vanskeleg forsvara. Frå 1991 til 1993 registrerte IBM tap på USD 16 milliardar. Aksjemarknaden pressa selskapet til å kvitta seg med underverksemder, og børsverdien raste nedover.

Den 1. april 1993 vart Louis V. Gerstner, Jr. administrerande direktør i IBM. Han selde hovudkvarteret i New York, og gjennomførte ein kritisk studie av heile organisasjonen. IBM var for ukritisk til kva som vart utvikla og seld, og kulturen var for innovervendt. Gerstner endra fokus radikalt ved å setja kundane og deira behov i fokus. Gerstner endra IBM totalt frå å vera ei produktfokusert bedrift, til å verta kunde- og løysningsorientert. Mot slutten av 1990-talet byrja IBM igjen å levera gode resultat.

Gerstner innførte bonusordningar som baserte seg på det heilskaplege resultatet av organisasjonen. Tidlegare hadde ordningane berre tatt utgangspunkt i korleis den einskilde avdelinga gjorde det, heilt uavhengig av totalt resultat. På den måten vart kulturen under Gerstner meir samla om eit heilskapleg IBM. Kulturen i IBM vart no basert på å levera det kunden vil ha.

Diverse fakta

Sjølv om IBM ikkje fann opp PCen, vart arkitekturen deira, som er blitt kopiert frå det opphavlege 1981-designet, industristandarden innan personlege datamaskinar, PCar. Microsoft og Intel vart monopol-leverandørar av høvesvis operativsystemer og prosessorar, to av nøkkelkomponentane i desse datamaskinane.

19. januar 1993 offentleggjorde IBM eit underskot på 4,97 milliardar dollar i 1992, noko som den gongen var det største underskotet i noko amerikansk føretak nokon sinne.

IBMs logo vart designa av Paul Rand.

Louis V. Gerstner, Jr. var styreformann og administrerande direktør for IBM frå 1. april 1993 til 29. januar 2002, då Samuel J. Palmisano vart vald som ny administrerande direktør.

IBM-overtakingar i dei seinare åra:

  • Lotus Development Corporation i 1995 for 3,5 milliardar dollar.
  • Tivoli Systems i 1995 for 750 millionar dollar.
  • Sequent Computer Systems i 1999 for 810 millionar dollar.
  • Informix Software i 2001 for 1 milliard dollar, ikkje eigentleg ein overtakelse, berre oppkjøp av all aktiva.
  • PricewaterhouseCoopers' Consulting i 2002 for 3,5 milliardar dollar
  • Rational Software Corporation i 2003 for 2,1 milliardar dollar.

Sjå og

  • IBM-produkt

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

Ibm HistorieIbm Omstillinga på 1990-taletIbm Diverse faktaIbm Sjå ogIbm KjelderIbm BakgrunnsstoffIbmInternasjonalLutlagNew YorkUSA

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

PolarlysSlapsDei fire årstideneTrettiårskrigenHadeikumRegnskogen i AmazonasThomas MüllerUkrainsk matRusslandNazistBokmålLuganoTigerEreksjonÆrfuglLohengrin sjokoladeFormannskapFreddie MercuryKari Werner ØfstiOddStavanger kommuneVulkanar i ItaliaMyrullLinda EideAnders Behring BreivikKirunaEmmanouíl PappásAustraliaHauge i DalaneMoskvaURLVerdas landFinnmark fylkeAgnetha FältskogSlaveAsker TurlagTeknologiFader vårAxetelOttesens SkipsbyggeriRumpeldunkNord-SulawesiA Whiter Shade of PaleHar SedomGoogleEtasjeKirkenærÅkermans VerkstadInternasjonal telefonkodeThoriumkraftverkLemmingKunsteventyrScrabblePink FloydBarentshavetIngjald Ørbeck SørheimMediaWikiNato-alfabetetSim sala bimFriksjonKvalsafariWiki CommonsChristianiaSirkelSindikíRosaKvargAbrasivWikipediaSilvestre y La NaranjaUkrainsk kulturAmfípoliFramstegspartiet🡆 More