Olav Sletto (fødd 21.
juni">21. juni 1886 i Hol, død 24. oktober 1963) var ein norsk forfattar.
Olav Sletto | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 21. juni 1886 Hol kommune |
Død | 24. oktober 1963 (77 år) |
Yrke | skribent |
Born | Eva Sletto |
Mor til Olav Sletto var Anne Jensdotter Sletto, 19 år gammal og ugift då han vart fødd i 1886. Ifølgje eit seigliva rykte skulle faren vera Bjørnstjerne Bjørnson, men Bjørnson var i Paris då barnet vart unnfanga og dermed ute av bildet. Ei anna moglegheit vart då Erling, yngste sonen til Bjørnstjerne. Eva Almhjell går gjennom farskapsspørsmålet i boka Anne Sletto. Eit kvinneportrett, Boksmia 2015. Påstanden om Bjørnson-blod i Olav Slettos årer er avvist av lokalhistorikarar tidlegare. Den som står skriven som far er Johannes Kristianson Lundeby (1862-1900) frå Sande i Vestfold.
Olav Sletto voks opp hjå besteforeldra i Sletto. Han var ein gløgg skulegut, og gode menn i Hol støtta han økonomisk, så han fekk høgre utdanning. I 1902-03 gjekk han på folkehøgskule på Voss og i 1907 tok han eksamen ved lærarskulen på Notodden. Han gifta seg hemmeleg og borgarleg med reiardottera Karin Bryde frå Sandefjord 27.7.1911. Dei slo seg frå fyrst av ned i Vollen i Asker (1912-1917). Der kom tre av barna deira til verda. 21. juni 1915 vart dei kyrkjeleg vidge, og samstundes vart dei tre eldste borna døypte (Eva, Randi og Bjørn). Olav og Karin Sletto hadde til saman fire born: Eva (6.9.1912-7.3.2006), Randi (8.1.1914-17.7.2002), Bjørn (12.3.1915-18.12.1962) og Irene (15.11.1919-31.3.2013).
Fram til han i 1917 vart lærar ved Buskerud Folkehøgskole på Fiskum, livnærte Sletto seg ved ulike lærarjobbar kombinert med taleferder. Det vart meir enn 70 av dei i perioden 1910-1917. I 1923 vart han skulestyrar ved Romerike Folkehøgskole på Årnes, ei stilling han hadde fram til skulen vart okkupert av tyske soldatar under den andre verdskrigen.
Sletto fekk slag i 1941, og frå 1944 fekk han invalidepensjon. Han gav ut bøker under krigen og han takka ja då okkupasjonsmakta i 1940 innvilga han Statens kunstnarløn. For dette vart han etter krigen utestengd frå Den norske forfattarforening, og fekk ikkje gi ut bøker fyrste året etter krigen. I 1948 var medlemskapen igjen i orden. I 1946 flytta Olav og Karin Sletto til Geilo, Hol i Hallingdal. Hol kommune ga han i 1950 årleg æresløn, og i 1960 fekk han igjen statens kunstnarløn.
Sletto debuterte i 1908 med romanen Dei gamle. Han blir særleg hugsa for den mytologiske syklusen om Loke (1915–1918), dei historiske romanane sine frå kyrkjehistoria (1920–1924) og den historiske romansyklusen Soga um Røgnaldfolket (1943–1946). Olver-syklusen (1954–1956) er delvis sjølvbiografisk. Barnebokserien som vart kalla Per-bøkene (1939–1942) er av dei finaste skildringane av barndom og oppvekst i norsk litteratur. Eva-Charlotte Mørk har skrive ei magistergradsavhandling i litteraturvitskap om Mytologisk prefigurasjon i Olav Slettos bøker om Loke, NTNU 2016.
Olav Sletto har òg vorte nemnt som ein «gløymd» norsk fantasy-forfattar.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Olav Sletto, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.