Normannisk

Normannisk er eit romansk språk som er nært i slekt med fransk og pikardisk.

Det er blitt tala i Normandie og Storbritannia og er det vestlegaste av oïl-språka. Språket har også norrøne trekk etter vikingane som erobra Normandie.

Normannisk
normand
Klassifisering indoeuropeisk
 italisk
  romansk
   galloromansk
    oïl-språk
Bruk
Tala i Normannisk Frankrike

Normannisk Storbritannia

Område Normannisk Normandie

Normannisk Guernsey
Normannisk Jersey

Språkkodar
ISO 639-2 roa
Wiki på normannisk
Normannisk
Kjerneområdet til normannisk i dag i Normandie og på Kanaløyane.

I Storbritannia utvikla det seg til anglonormannisk, som blei brukt i visse samanhengar fram til 1600-talet, og til dei noverande språka jèrriais, guernésiais og sercquiais på Kanaløyane Jersey, Guernsey og Sark. Det har innverka noko på det fellesfranske ordforrådet og mykje på det moderne engelske.

Historie

Gammalnormannisk eller det galloromanske oïl-språket som gav opphav til blei tala i Nord-Frankrike frå 800-talet. Norrøne vikingar som slo seg ned i Normandie gjekk fullstendig over til normannisk i løpet av 1100-talet. Innflyttarane bidrog likevel til språket med ein del norrøne, gammalengelske og keltiske ord, som homard, 'hummar', hommet/houmet, 'holme' og quille, 'kjøl' eller stadnamnendingane -tot ('-toft'), -lon ('-lund') og -bec ('-bekk'). Det er mogleg at norrøn påverknad gjorde at språket heldt på lydane [k] og aspirert [h], som blei til [s] eller [ʃ] og stum h i fransk elles.

Gjennom normanniske erobringar spreidde språket seg til Storbritannia, Sør-Italia og Levanten. Her var det eit elitespråk med få talarar, men i Storbritannia fekk det sterk innverknad på folkemålet. Mange moderne engelske ord stammar frå normannisk og minnar om franske ord, bortsett frå at desse har gått gjennom ord- eller lydendringar som normannisk og engelsk ikkje har.

Normannisk Engelsk Fransk Norsk
baconnel bacon lard sideflesk
caboche cabbage chou kål
ca(u)ndelle candle chandelle, bougie (levande) lys
castel (no catè) castle château, castelet slott
caudron cauldron chaudron gryte
paur poor pauvre fattig, stakkar
ouarantie warranty guarantie garanti

Normannisk har påverka ein del kanadisk fransk gjennom utvandring frå Normandie.

Litteratur

Normannisk 
Side frå Roman de Brut av Wace.

Diktaren Wace frå Jersey er rekna som grunnleggjaren av anglonormannisk litteratur. Etter Wace blomstra ein rik litteratur i Frankrike og England med diktarar som Marie de France, Benoît de Sainte-Maure, Béroul og Thomas d'Angleterre. Rolandskvadet, sogene om kong Artur, riddarane av det runde bordet og den heilage gralen og Tristan og Isolde var viktige motiv for denne litteraturen. Mykje av litteraturen finst berre bevar gjennom anglonormanniske handskrifter.

I dag finst det tre ulike standardiserte rettskrivingar: kontinental normannisk, jèrriais, og dgèrnésiais.

Bruk

Normannisk 
Baren «Le Rô d'la Mé» i Cherbourg har normannisk namn.

Normannisk blir tala på fastlandet i Normandie i Frankrike, der det ikkje har offisiell status, men blir klassifisert som eit regionalt språk.

Dei normanniske variantane jèrriais og guernésiais/dgèrnésiais er anerkjende som regionale språk av dei britiske og irske styresmaktene innanfor rammene av det britisk-irske rådet. Sercquiais liknar jèrriais, som det utvikla seg frå etter at jerseybuar flytta til Sark på 1500-talet. Auregnais, det normanniske språket på Alderney, døydde ut på 1900-talet.

I dag står språket sterkast på dei minst tilgjengelege områda i Normandie, Kanaløyane, Cotentin (Cherbourghalvøya) vest i og Pays de Caux (Cauchois) aust i Normandie. Turisme og innflytting frå talarar av majoritetsspråk (standard fransk og engelsk) har ført til tibakegang for språket.

Den anglo-normanniske dialekten av normannisk var språket for statsadministrasjonen i England som utvikla seg etter 1066. Språket blei brukt i juridisk samanheng i Storbritannia i fleire hundreår før det hovudsakleg blei avskaffa på 1600- og 1700-talet. Normanniske frasar blir framleis brukte i svært spesielle samanhengar, til dømes byrjar høgsteretten i USA og fleire andre amerikanske domstolar med oppmodinga «oyez!» ('høyr'). medan ein del frasar som «A ceste Bille les Seigneurs sont assentus» ('med denne loven er adelsmennene einige') og «La Reine le veult» ('Dronninga vil det') blir skrivne ned i dei formelle dokumenta rundt lovforslag.

Språkdøme

«U sumeux s'en fut sumo.» Likninga om såmannen på normannisk.
  • Euj prêche normaund - 'Eg snakkar normannisk'

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Normannisk  Wikinormannisk


Tags:

Normannisk HistorieNormannisk LitteraturNormannisk BrukNormannisk KjelderNormannisk BakgrunnsstoffNormanniskFranskNormandieNorrøntRomansk språkStorbritannia

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Andre påskedagDeskáti1. juliNasjonalidrettarRobin WilliamsRaphaël PoiréeWikisourceSunnmøreLouis PasteurHadjSløvågKaspihavetPannemerke i hinduismenJarnbanetogDominicaGmailSojuRombeSigmaPeter ForsbergTokyoFrederik X av DanmarkGardasjøenLangfredagVictoria av StorbritanniaMichael JordanOstrovSkulemål i RogalandPlaneten Mars1416Johannespasjonen av BachFonetisk alfabetKjetil André AamodtROBEKMichelle ObamaElvar i FrankrikeUrfolk i USATrigonometrisk funksjonEuropaHeilage onsdagAda LovelaceDet tredje riketPatrick RoestHubroBjarne BrøndboEngelskPintUndergrunnsbanen i LondonFader vårItaliaGuvernørSør-KoreaHeine T. BakkeidTuonela-svanaKnut HamsunOsterøy kommune2019Carles PuigdemontKlipperThomas More1613Aleksander I av RusslandVoss heradMelhusElon MuskQueenNoregJevgenij BeljajevGeorg Friedrich HändelNanoteknologiHeidi LøkeTorremolinos🡆 More