Motmotar: Fuglefamilie

Motmotar, Momotidae, er ein familie som lever i den neotropiske regionen.

Motmotar
Bergmotmot, Momotus aequatorialis Illustrasjon av John Gerrard Keulemans, 1892, Public domain
Bergmotmot, Momotus aequatorialis
Illustrasjon av John Gerrard Keulemans, 1892, Public domain
Utbreiing
Utbreiinga av Motmotar
Utbreiinga av Motmotar
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Megaklasse: Beinfiskar Osteichthyes
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Coraciimorphae
Orden: Råkefuglar Coraciiformes
Familie: Motmotar Momotidae
Gray, 1840

Familien på 13 artar går inn i ordenen Coraciiformes, råkefuglar, saman med mellom anna isfuglfamilien, råkar og bietarfamilien.

Skildring

Motmotar: Fuglefamilie 
Breinebbmotmot, Electron platyrhynchum
Foto: Joseph C Boone

Motmotar er mellomstore fuglar med habitat i tett skog. Distribusjonen er avgrensa til tropisk del av «den nye verda», til det kjem eit fossilt individ som er oppdaga i Sveits. Desse fuglane har fargerike fjørdrakter og lange stjertfjør som dei kan svinga i sideretninga for å trekke merksemd frå andre fuglar.

Forsking har vist at turkisbrynmotmot utfører halesvingingar når dei oppdagar ein predator for å gjere predatoren merksam på at han er oppdaga og at motmoten er førebudd på å flykte. Denne forma for signalisering gjev eit føremon for både motmoten og predatoren: signalet hindrar motmoten frå å kaste bort tid og energi til å flykte samstundes som predatoren unngår et kostbart arbeid med dårlege utsikter til fangst. Det er òg vist at halefjørene til hannane, som er litt større enn halen åt hoa, fungerer som et seksuelt signal hos turkisbrynmotmot.

Dei to sentrale halefjørene hos motmotar har form som rekkertar, med unntak av hos to artar. Det skjer fordi bistrålane har svakt feste til fjørskaftet og fell av. Dermed oppstår den karakteristiske forma på halefjørene.

Motmotar et små byttedyr som insekt og små øgler, og gjerne litt frukt. I Costa Rica er det observert at motmotar har fora ungar med pilgift frosk.

Som dei fleste andre familiar av Coraciiformes hekkar motmotar i hòl i bakken. Dei legg omkring fire kvite egg i kullet. Nokon artar dannar store koloniar på opp til 40 par. Egga vert klekt etter ca 20 dagar, og ungane forlèt reiret etter om lag 30 dagar. Begge foreldra syt for fôring av ungane.


Artsliste

Motmotar: Fuglefamilie 
Trinidadmotmot, Momotus bahamensis
Foto: Stephen Turner

Motmotar i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:

Slekt Hylomanes

  • Dvergmotmot, Hylomanes momotula, Tody Motmot, Lichtenstein, MHK, 1839, (LC)

Slekt Aspatha

  • Blåstrupemotmot, Aspatha gularis, Blue-throated Motmot, Lafresnaye, 1840, (LC)

Slekt Momotus

  • Mexicomotmot, Momotus mexicanus, Russet-crowned Motmot, Swainson, 1827, (LC)
  • Blåkronemotmot, Momotus coeruliceps, Blue-capped Motmot, Gould, 1836, (LC)
  • Diademmotmot, Momotus lessonii, Lesson's Motmot, Lesson, R, 1842, (LC)
  • Karamellmotmot, Momotus subrufescens, Whooping Motmot, Sclater, PL, 1853, (LC)
  • Trinidadmotmot, Momotus bahamensis, Trinidad Motmot, Swainson, 1838, (LC)
  • Blåpannemotmot, Momotus momota, Amazonian Motmot, Linné, 1766, (LC)
  • Bergmotmot, Momotus aequatorialis, Andean Motmot, Gould, 1858, (LC)

Slekt Baryphthengus

  • Kanelmotmot, Baryphthengus martii, Rufous Motmot, von Spix, 1824, (LC)
  • Brunkronemotmot, Baryphthengus ruficapillus, Rufous-capped Motmot, Vieillot, 1818, (LC)

Slekt Electron

  • Brunpannemotmot, Electron carinatum, Keel-billed Motmot, Du Bus de Gisignies, 1847, (VU)
  • Breinebbmotmot, Electron platyrhynchum, Broad-billed Motmot, Leadbeater, 1829, (LC)

Slekt Eumomota

  • Turkisbrynmotmot, Eumomota superciliosa, Turquoise-browed Motmot, Sandbach, 1837, (LC)

Kjelder

Fotnotar

Bakgrunnsstoff

Tags:

BietarfamilienBiologisk familieBiologisk ordenCoraciiformesIsfuglfamilienNeotropisk regionRåkar

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

MHandball-EM 2004 for mennDet første krosstogetMP3JesusEiffeltårnetGrunnstoffet tinnKognitivismeFossekallHarald EiaPilTelemark fylkeMartha SkrettebergAndKari BakkeFaryngittApeNautisk milIvar AasenWehrmachtC++Tidslinje over norsk historieSki-VM 2019WikiVik kommuneBloggFilmserien Harry PotterEvnukkNasjonaldrikkNyrekapselWiki CommonsDet internasjonale fonetiske alfabetetPave Johannes Paul ISamuel MassieItaliaDigital object identifierEØSVinter-OL 1988StorbritanniaLagerthaXboxOrganistKenth EldebrinkAlmyrósHøgaste fjell i Noreg etter primærfaktorMidsommarNoregMauritaniaFrozenGonzález IslandPalauPOSIXPortugisiskTaekwondoKrigTermisk diffusivitetHarald V av Noreg27-årsklubbenHarry HoleListe over primtalStore norske leksikonTromsø kommuneTausVólosHellasPeter Wessel TordenskjoldHardingdialektRagnhild BrochmannJordaFranz LisztKallifóniDS «Iris» (1901)KattSoltidNormert talemålSunndalsøraJemen🡆 More