Mikko Kokslien (fødd 10.
mars">10. mars 1985) er ein norsk kombinertrennar frå Lillehammer som tevlar for klubben Søre Ål Idrettslag. Han har vunne tre bronsemedaljar i lagtevlingar i to ulike verdsmeisterskap, 2009 og 2011. Mellom desember 2010 og desember 2012 vann han fem renn i verdscupen i kombinert.
Mikko Kokslien | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 10. mars 1985 (39 år) Lillehammer kommune |
Idrett | kombinert |
Tok del i |
Kokslien debuterte i verdscupen i 2005 utan å markere seg. Fyrst i 2008/09-sesongen nærma han seg verdseliten i kombinerta då han straks før jul i 2008 vart nummer sju i eit renn i Ramsau. Han deltok for Noreg i verdsmeisterskapen på ski i Liberec, der han gjekk på det norske firemannslaget som sikra bronse. Individuelt var 13. plassen i tevlinga der det vart hoppa i storbakken og deretter gått 10 km langrenn hans beste plassering i verdsmeisterskapen. I det siste verdscuprennet for sesongen overraska han stort med ein tredjeplass i Vikersund.
Koksliens beste plassering i verdscupen i OL-sesongen 2010 var ein åttandeplass. Han deltok for Noreg i dei individuelle renna i olympiaden og vart høvesvis nummer 32 og 39. Då den nye skisesongen starta i slutten av november 2010 presterte Kokslien på eit mykje høgre nivå enn tidlegare. 27. november 2010 vart han nummer to i eit verdscuprenn i Kuopio, berre slått av Felix Gottwald frå Austerrike. Veka etter vann han sitt fyrste verdscuprenn heime på Lillehammer, med Jason Lamy-Chappuis og Gottwald på dei neste plassane. Dagen etter sigeren vart han nummer to i eit nytt renn.
I ski-VM i Oslo i 2011 vann Kokslien to bronsemedaljar då Noreg hamna på tredjeplass i begge lagtevlingane i meisterskapen. Også Håvard Klemetsen, Jan Schmid og Magnus Moan vart doble bronsevinnarar. Individuelt vart Kokslien nummer seks og åtte i verdsmeisterskapen.
Gjennom 2012-sesongen oppnådde Kokslien åtte pallplasseringar i verdscupen. Han vann tre renn og fekk like mange andreplassar og to tredjeplassar. Så langt i 2013-sesongen har han vunne eitt verdscuprenn og to gongar vorte nummer to.
# | Dato | Stad | Øving |
---|---|---|---|
1 | 4. desember 2010 | Noreg Sjusjøen | 10 km LH |
2 | 8. januar 2012 | Tyskland Oberstdorf | 10 km LH |
3 | 11. februar 2012 | Kasakhstan Almaty | 10 km LH |
4 | 12. februar 2012 | Kasakhstan Almaty | 10 km LH |
5 | 16. desember 2012 | Austerrike Ramsau | 10 km LH |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Mikko Kokslien, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.