Mikkjel Arneson Fønhus (14.
mars">14. mars 1894–28. oktober 1973) var ein norsk forfattar. Fønhus kom frå Sør-Aurdal kommune i (Valdres) i Oppland fylke, der han budde mestedelen av livet. I kortare periodar budde han i Oslo. Fyrst var han student og seinare som journalist i De Norske Intelligentsedler. Han reiste mellom anna til Afrika, Amerika og Nord-Noreg. På reisene fekk han inntrykk som han nytta i forteljingane sine.
Mikkjel Fønhus | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 14. mars 1894 Sør-Aurdal |
Død | 28. oktober 1973 (79 år) |
Yrke | skribent, journalist, oppdagar |
Språk | norsk |
Nettstad | https://www.mikkjelfonhus.no/ |
Fønhus debuterte med Skoggangsmann i 1917, og fekk eit gjennombrot allereie med si andre bok i 1919, med tittelen Der villmarka suser. I løpet av 1920-talet etablerte Fønhus seg som ein folkekjær forfattar, med store opplag av bøker som Det skriker fra Kverrvilljuvet, Troll-elgen, Under polarlyset, Rauldalsdansen og Reinsbukken på Jotunfjell. Fønhus var ein sært produktiv forfattar, og den totale lista over verka hans tel over femti bøker. Fleire av bøkene vart utgjevne etter at han døydde.
Fønhus er kjend for sine dyre- og naturskildringar.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Mikkjel Fønhus, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.