Markus og Marcus er mannsnamn av latinsk opphav.
Markus har namnedag den 25. april.
Namnet har opphav i den romerske guden Mars og var brukt av fleire kjende romarar. Det spreidde seg gjennom den kristne verda gjennom evangelisten Markus (gresk Μάρκος). Andre former av namnet er Marc/Mark, Marco/Marko og Marcos. Marcello, Marcel, Marcius er avleidde namn.
Markus og Marcus blir også brukt som slektsnamn, og her er Marx ein tysk variant.
Namnet har vore brukt i Noreg frå 1100-talet. Det var svært populært som døypenamn på 1990-talet. 5 733 norske menn heitte Markus i 2009. 3 995 heitte Marcus.
«Markus – mannsnavn» i Store norske leksikon, snl.no.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Markus, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.