Mark Rutte (fødd 14.
februar">14. februar 1967) er ein nederlandsk politikar frå Haag, som har vore statsminister i Nederland sidan 14. oktober 2010. Han har elles vore leiar i det liberalistiske høgrepartiet Volkspartij voor Vrijheid en Democratie (VVD) sidan 29. mai 2006.
Mark Rutte | |||
| |||
Fødd | 14. februar 1967 (57 år) Haag | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Kongeriket Nederlanda | ||
Yrke | politikar, historikar, lærar | ||
Institusjonar | Unilever Calvé | ||
Utdanna ved | Universitetet i Leiden International Institute for Management Development | ||
Alle verv |
|
Rutte entra politikken då han i ein toårsperiode, 2002-04, var statssekretær for sosial- og arbeidsspørsmål. Deretter var han i ein ny toårsperiode statssekretær for utdanning, kultur og forskning, til dess han sommaren 2006 vart vald til formann i VVD. Han var partiet sin toppkandidat ved parlamentsvalet i 2006, der VVD vart det fjerde største med sine 22 mandat. Sidan dei tre største partia skipa regjering, vart Rutte opposisjonsleiar i parlamentet.
Gjennom parlamentsvalet i juni 2010 vart VVD det største partiet med sine 31 representantar i ei nasjonalforsamling med 150 folkevalde. Etter langvarige forhandlingar vart Rutte statsminister 14. oktober, og leiar av den fyrste mindretalsregjeringa i Nederland etter andre verdskrigen. Regjeringskoalisjonen bestod av VVD og kristlegdemokratane i CDA, med parlamentarisk stønad frå det høgreorienterte Fridomspartiet. Strid om nedskjeringar i den nederlandske økonomien førte til at Fridomspartiet drog tilbake den parlamentarisk støtta til regjeringa i april 2012. Rutte søkte då avskjed, og det vart nytt parlamentsval i september 2012. VVD fekk 41 mandat i valet og heldt fram med å ha den største partigruppa i nasjonalforsamlinga. Rutte kunne halde fram som statsminister, frå 5.november 2012 som sjef for ei fleirtalsregjering der VVD styrte i samarbeid med Arbeidarpartiet (PvDA).
Ved parlamentsvalet mars 2017 fekk VVD åtte færre mandat, men var framleis partiet med størst oppslutning frå veljarane.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Mark Rutte, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.