The Cherry-Tree Carol

The Cherry-Tree Carol eller The Cherry Tree er ein engelsk ballade og julesong med Child-ballade-nummer 54 og Roud-nummer 453.

Songen er svært gammal, og skal ha vore sungen i ei ukjend form ved Kristi lekamsfest tidleg på 1400-talet.

The Cherry-Tree Carol
Notar til «The Cherry Tree» frå English folk-carols av Cecil Sharp.
The Cherry-Tree Carol
Notar til «The Cherry Tree» frå English folk-carols.

Innhald

Balladen fortel ei apokryf soge om jomfru Maria på reise med Josef, truleg på veg til Betlehem. I den vanlegaste utgåva av songen stoppar dei i ein kirsebærhage der Maria ber Josef om å plukka kirsebær til henne fordi ho ventar bar. Josef, omtalt som ein gammal mann, seier at ho kan la far til barnet plukke bær til henne.

Då talar i dei fleste utgåvene Jesusbarnet i magen til treet og ber det bøya ei grein ned til Maria, noko det gjer. Når Josef får sjå dette underet angrar han straks på det han sa. Mange nyare versjonar endar ofte der, men i andre trer ein engel fram for Josef og fortel han korleis Jesus blei til. Andre utgåver hopper fram i tid til der Jesusbarnet sit på fanget til mor si og fortel om den framtidige døden og gjenoppståinga si.

Opphav

Soga er avleidd frå Evangeliet etter Pseudo-Matteus, eit apokryft evangelium skrive rundt 650 som kombinerer mange eldre apokryfe tradisjonar kring juleevangeliet. I dette evangeliet finn episoden stad under flukta til Egypt, og frukttreet er eit palmetre (truleg ein daddelpalme) og ikkje eit kirsebærtre. I denne soga er Jesus allereie fødd, og Josef er ikkje arg på grunn av Maria sitt svangerskap, men på grunn av at han ikkje kan nå fruktene og er redd for at familien hans manglar vatn.

Soga opptrer som ein song i N-Town Plays, mysteriespel som blei framførte i Midlands i England rundt år 1500. Som folkevise har songen utvikla seg med ei rekkje tone- og melodivariasjonar.

Innspelingar

Det er samla inn mange tradisjonelle versjonar av songen på 1900-talet, som ei innspeling av Bob Arnold frå Burford i Oxfordshire i England, og ei anna av Thomas Moran frå Mohill i County LeitrimIrland. Songen har truleg vandra til USA for ei rekkje år sidan, og den appalachiske songaren Jean Ritchie spelte inn to tradisjonelle utgåver med litt ulike melodiar. Versjonen Ritchie song på albumet Carols for All Seasons (1959) blei teken opp av Joan Baez, som gav ut si eiga innspeling i 1961 på albumet Joan Baez, Vol. 2 med gitarakkompagnment. Dette gjorde denne utgåva av songen allment kjend.

Songen er blitt spelt inn av Shirley Collins & Davy Graham (og av henne med The Young Tradition), Marty Haugen, Kacy & Clayton, The Clancy Brothers (som «When Joseph Was an Old Man»), Judy Collins, José Feliciano, Emmylou Harris, Mary Hopkin (som B-side på singelen Mary had a Baby/Cherry Tree Carol), King's College Choir, Cindy Kallet, Magpie Lane, Mark Lanegan, Colin Meloy, Chad Mitchell Trio, Nowell Sing We Clear, Pentangle, Angelo Branduardi (to italienske versjonar: «Il ciliegio» og «Rosa di Galilea»), Peter Paul and Mary, Jean Ritchie, Casey Stratton, Bob Rowe, John Rutter (med Cambridge Singers), The Poor Clares frå New Orleans («Cherry Tree Carol» på albumet Songs for Midwinter), Sting (If on a Winter's Night) og Kerfuffle (som «Cherry Tree Carol» på albumet Lighten the Dark).

Kjelder

Bakgrunnsstoff

The Cherry-Tree Carol 

Teksten til The Cherry-Tree Carol ved Wikisource.

Tags:

The Cherry-Tree Carol InnhaldThe Cherry-Tree Carol OpphavThe Cherry-Tree Carol InnspelingarThe Cherry-Tree Carol KjelderThe Cherry-Tree Carol BakgrunnsstoffThe Cherry-Tree CarolBalladeChild BalladsJulesongKristi lekamsfestRoud-nummer

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

MøreDekarSunnmøreJonas LieBrexitAristotelesGrunnstoffet tinnKolonialhandel157Nasjonale minoritetar i NoregNederlandLønnMichael UhrmannLonnie MackJødedommenEmma WatsonJordskorpeplateChampions LeagueManuela Di CentaMoldauVM i friidrett 2019Star WarsBrøytDet britiske riksvåpenetJens StoltenbergNasjonaldrikkDen europeiske unionenTaekwondoNamnedagBrenselcelleVegard UlvangSaltLeksikonMount Salisbury i AntarktisBarry HayCoca-ColaTrond Fausa AurvågAlfred MaurstadElon MuskManuel Isidoro BelzuKjerringBjörn SkifsOprah WinfreyUrfolkSiderDei fem K-ane i sikhismenDen dominikanske republikkenScrabbleDu FuEstragonBruno CoutinhoGrodagenTaleLuganoElisabeth TerlandTyrkiaErnst JosephsonGrenadaLarge Binocular TelescopeVigselInternasjonal telefonkodeMeråkerA4AnimismeNorske bilandJerusalemBrunByar i HellasArne Kjell LarsenTeknologiStein EriksenNasjonalinstrumentTegan and SaraBukspyttkjertelenHadj🡆 More