Marit vassause, òg kalla Marta vassause, er eit folkeleg namn på minnedagen for den heilage Margareta frå Antiokia, avmerkt på primstaven den 20.
juli">20. juli.
Primstavmerket er oftast eit hjul, som truleg viser til dødsmåten til Margareta. I folkeleg tradisjon vart hjulet omtydd til ei vassause. Vêret denne dagen vart halde som eit merke for vêret i resten av slåttonna eller for haustvêret. Nokre stader heiter det at Marit alltid har noko vatn i ausa si.
Det finst ikkje historisk dokumentasjon om den heilage Margareta, men ut frå legenda er det rekna med at ho lei martyrdøden i 290 under keisar Diokletian (284-305) i Antiokia i Pisidia (i dag ruinar nord for Yalvaç ved Aksehir i Tyrkia).
I Trondenes sa dei:
Dette kan ein tolka som at om det regna denne dagen, blei det ein våt haust, noko som truleg har samanheng med dei såkalla hundedagane. Norsk folkekalender oppgjev dette om dagen:
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Marit vassause, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.