Jakob våthatt er eit folkeleg namn på minnedagen for apostelen Jakob den 25.
juli">25. juli. Apostelen Jakob var ein av Jesu tolv læresveinar, son til Sebedeus og Salome og fetter til Jesus. Han vart Spanias nasjonalhelgen, og grava hans i Santiago de Compostela der han etter legenda vart gravlagd 25. juli år 44, er et av dei viktigaste pilegrimsmåla i kristen tradisjon.
Primstavmerket er ein hatt og eit muslingeskal (pilegrimane brukte ofte muslingskal som drikkebeger). I folkeleg tradisjon er muslingskalet omtolka til ein vassdrope, derav namnet Jakob våthatt.
Sidan 25. juli i det gamle landbruket fall midt i slåttonna, var merkedagar som spådde veret viktige. Denne dagen venta folk regn.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Jakob våthatt, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.