Marc Robert Wilmots (fødd 22.
februar">22. februar 1969) er ein belgisk fotballtrenar og tidlegare fotballspelar frå Dongelberg. Han spelte 70 landskampar for Belgia og skåra 28 mål. Han representerte Belgia under VM i 1990, VM i 1994, VM i 1998, EM i 2000 og i VM i 2002.
Marc Wilmots i 2006 | |||
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Marc Robert Wilmots | ||
Fødd | 22. februar 1969 (55 år) | ||
Fødestad | Dongelberg i Belgia | ||
Høgd | 184 cm | ||
Posisjon | Offensiv midtbanespelar | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar | (Mål) |
1987-1988 | Sint-Truidense | 30 | (9) |
1988-1991 | Mechelen | 87 | (22) |
1991-1996 | Standard Liège | 138 | (67) |
1996-2000 | Schalke 04 | 104 | (21) |
2000-2001 | Bordeaux | 30 | (8) |
2001-2003 | Schalke 04 | 34 | (6) |
Totalt | 421 | (133) | |
Landslag | |||
1990-2002 | Belgia | 70 | (28) |
Trenar for | |||
2003 | Schalke 04 | ||
2004-2005 | Sint-Truidense | ||
Landslagstrenar for | |||
2009-2012 | Belgia (assistent) | ||
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga |
Etter at han la opp som spelar gjekk han inn i trenarrolla, der han var hovudtrenar for Schalke 04 (2003) og Sint-Truidense (2004-2005). Etter dette fungerte han som senator for det politiske partiet Movement Réformateur, men han trekte seg frå vervet i 2005.
I 2009 blei han assistenttrenar for Belgia, fyrst under hovudtrenar Dick Advocaat og seinare under Georges Leekens. 15. mai 2012 rykka han opp som midlertidig hovudtrenar etter Leekens og skreiv seinare under på ein 2 års-kontrakt. Belgia vann si kvalifiseringsgruppe til VM i 2014 med åtte sigrar, to uavgjorde og ingen tap. Då han overtok landslaget låg dei på 44. plass på FIFA-rankingen, men i juni 2014 låg dei på 11. plass
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Marc Wilmots, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.