Yellow Red Koninklijke Voetbalclub Mechelen er ein belgisk fotballklubb frå Mechelen som vart stifta i 1904 og som sidan 2007 har hatt plass i den belgiske toppdivisjonen.
KV Mechelen spelar heimekampane sine på AFAS-stadion med opp til 13 213 tilskodarar på tribunane. Laget spelar då i raude- og gulstripete trøyer, samt svarte bukser og strømper.
Klubben hadde si fyrste stordomstid i 1940-åra; då han vart seriemeister tre gongar i tida 1943-48. Høgdepunktet for KV Mechelen er sigeren i i Cupvinnarcupen 1988, året etter at klubben vann sin hittil einaste triumf i den heimlege cupen. I 1989 vann laget den belgiske toppdivisjonen for fjerde gong. Målvakta Michel Preud’homme, Graeme Rutjes, Erwin Koeman, Marc Emmers og Leo Clijsters var dei viktigaste spelarane i gullåra under andre halvpart av 1980-talet.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article KV Mechelen, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.