Football Club des Girondins de Bordeaux, til dagleg Girondins Bordeaux eller einast Bordeaux, er ein fotballklubb i Bordeaux i Aquitaine-regionen i Frankrike.
Klubben, som vart skipa i 1881, spelar i Ligue 1, toppdivisjonen i fransk fotball. Han hadde si stordomstid i 1980-åra.
Fullt namn | Football Club Girondins de Bordeaux | ||
---|---|---|---|
Kallenamn | Les Girondins «Girondarane» Le club au scapulaire «Klubben med Chevron» Les marine et blanc «Dei marineblåe og kvite» | ||
Grunnlagd | 1. oktober 1881 | ||
Heimebane | Nouveau Stade de Bordeaux (kapasitet: 42,115) | ||
President | Joseph DeGrosa | ||
Hovudtrenar | Paulo Sousa | ||
Liga | Ligue 1 | ||
2018/19 | 14. plass i Ligue 1 | ||
Nettstad | Heimeside | ||
| |||
Noverande sesong |
Girondins Bordeaux vart grunnlagt som eit idrettslag der det vart drive i ulike idrettsgreiner. Fotballklubben er ein av dei mest suksessrike i Frankrike, med seks seriemeistertitlar, den siste i 2009. Bordeaux har også vunne tre nasjonale cupmeisterskap (Coupe de France). I 1996 spela klubben seg fram til finalane i UEFA-cupen, der det vart tap i begge kampane mot Bayern München.
Bordeaux spelar heimekampane på Stade Chaban Delmas, eit tribuneanlegg frå 1938 med plass til 34 694 tilskodarar. Laget spelar i mørkeblå drakter.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Girondins Bordeaux, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.