Maori (maori māori, uttalt ) er eit polynesisk språk snakka av maoriar på New Zealand, der det er eitt av tre offisielle språk.
Maori er i nær slekt med tahitisk og rarotongansk, noko fjernare med hawaiisk og markesisk, og er endå fjernare i slekt med vestpolynesiske språk, som samoansk, tongansk og niuisk.
Maori te reo Māori | ||
Klassifisering | Austronesisk Malayopolynesisk Sentralt austleg Austleg malayopolynesisk Oseanisk Sentralt austleg Fjerntliggande Polynesisk Kjernepolynesisk Austpolynesisk | |
Bruk | ||
Tala i | New Zealand | |
Maoritalande i alt | 157 000 | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1 | mi | |
ISO 639-3 | mri | |
Wiki på maori |
Ved folketeljinga i New Zealand i 2005 var det 157 110 som oppgav at dei kunne ha ein kvardagsleg samtale på maori.
Maori er offisielt språk på New Zealand saman med engelsk og newzealandsk teiknspråk. Det fekk offisiell status i 1987 med Maori Language Act 1987. Dei fleste offentlege departement og etatar på New Zealand har tospråklege namn, og New Zealand Post bruker både engelske og maoriske stadnamn i adressar. Maoritalande har rett til å kommunisera med offentlege etatar på maori, men i praksis krev dette som regel bruk av tolk.
I ei kjenning i Det kongelege rådet i Storbritannia frå 1994 blei regjeringa på New Zealand halden ansvarleg for å verna språket etter Waitangitraktaten frå 1840. Sidan mars 2004 har regjeringa derfor finansiert Māori Television som delvis sender på maori. 28. mars 2008 opna Māori Television sin andre kanal, Te Reo, som berre sender på maori, utan undertekstar eller reklame. I 2008 gav Land Information New Zealand ut den første lista over offisielle newzealandske stadnamn med makronar som viser lang vokal.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Maori, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.