Tolk: Person som overfører innhald munnleg frå eitt språk til eit anna

Ein tolk er ein person som overfører innhald munnleg frå eitt språk til eit anna.

Tolk: Person som overfører innhald munnleg frå eitt språk til eit anna
Simultantolkar i arbeid under rettssaka i Nürnberg.

Tolking kan gjerast på fleire måtar, og dei mest vanlege formene er konsekutivtolking og simultantolking. Å tolke konsekutivt vil seie at innhaldet vert overført i kortare bolkar, der tolken formidlar innhaldet mellom desse bolkene. Å tolke simultant vil seie at det blir tolka samstundes som talaren snakkar. Dette er ein metode som ofte vert brukt på konferansar, og det krev at tilpassa lydutstyr er tilgjengeleg.

Det finst fleire moglegheiter for å utdanne seg innan tolkefaget i Noreg, blant anna ved Universitetet i Oslo og Universitetet i Bergen. I Noreg finst ei ordning med statsautorisasjon for tolkar. Ved å gå gjennom ei krevjande prøve som vert arrangert av Universitetet i Oslo kan ein oppnå denne tittelen. Minstekravet for å arbeide som tolk i til dømes Utlendingsdirektoratet (UDI) er den såkalla ToSpot-testen.

Det vert stilt ei rekkje krav til ein profesjonell tolk. Desse er blant andre objektivitet, teieplikt og nøyaktigheit. Det er forventa at tolken ikkje legg til eller trekkjer frå noko av den originale bodskapen, og at tolken alltid informerer om rolla si i forkant av tolkesituasjonen.

Skiljet mellom tolk og omsetjar/translatør

Medan ein tolk overfører innhald munnleg, brukast nemninga omsetjar eller translatør på ein person som overfører innhald skriftleg frå eitt språk til eit anna. Dette er rekna som to ulike profesjonar, og ein statsautorisert translatør kan ikkje nødvendigvis nytte denne tittelen i samband med tolking.

Tolk: Person som overfører innhald munnleg frå eitt språk til eit anna
Ein døvetolk på ein jazzkonsert.

Bakgrunnsstoff

Tags:

Språk

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

TankbilCommunist Party of Great BritainNorsk folkedansDesta Marie BeederSvastikaEdvard VII av StorbritanniaLuciano PavarottiMaiken Caspersen FallaSophie EliseOdd NerdrumBuskerud fylkeDet første krosstogetHellerman RocksDrivhusgassAtomvåpen800BengaltigerRombeBloggMotreformasjonBarry HayInnsjøar i Sverige1200Mayo ClinicOrellanaprovinsenLeksikonPetter NorthugVinterSjakkSkandinaviaEyvind JohnsonAstrid LindgrenOlivia RodrigoMadman Across the WaterInternettThorleif HaugWilliam OrpenOksygenNasjonaldrikkAndreas BlochRegjeringa Bondevik IIMarianne Sivertsen NæssCotopaxiChristianiaTenaza PeakAleksandr RagulinDei fem K-ane i sikhismenNile RodgersSigmaKopparMount EverestBruno CoutinhoGrunnstoffliste etter atomnummerNamnedagCharcot CoveFinding NemoMeråkerHaikuISO 8601MånenKronografPaparoa nasjonalparkPlaneten MarsJesusKvartalSpaniaMediaWikiDet nederlandske koloniriketDet ukrainske alfabetetMichael UhrmannVindenergi21. desemberE🡆 More