Mamallapuram

Mamallapuram eller Mahabalipuram er ein kystby i Tamil Nadu som er vidkjend for det gamle, vakre strandtempelet sitt og annan tidleg dravidisk arkitektur frå 600- til 800-talet.

Byen blei sett på UNESCO si liste over verdas kulturarv i 1985.

Mamallapuram
by
Mamallapuram
Land Mamallapuram India
Folketal 15 172 (2011)

Mamallapuram
12°37′11″N 80°11′40″E / 12.619722222222°N 80.194444444444°E / 12.619722222222; 80.194444444444
Wiki Commons: Mahabalipuram

Byen ligg om lag seks mil sør for Chennai. Han var hamneby for pallavariket, og er kalla opp etter kongen deira, Mamalla. Sanskritnamnet Mahabalipuram skal koma frå demonkongen Mahabali.

I Mamallapuram finn ein holetempel, ratha eller uthogde stridsvogner, relieff og frittståande tempel. Dei fleste bygningane og statuane er hogde ut frå enkeltsteinblokker, og er typiske eksempel på tidleg dravidisk arkitektur med klare buddhistiske element.

Folk som bur i området har fleire myter om tempelet og den tidlegare byen som låg ved Mahabalipuram. Tempelet skal ha vore eitt av sju, som saman med byen dei høyrde til ein dag blei slukt av ei flodbølgje. Flodbølgja i desember 2004 avdekte fleire ruinar i Mahabalipuram som kan stamma frå endå eit tempel og sjølve byen frå 600-talet.

Viktige bygg i Mamallapuram

Mamallapuram
To av Dei fem stridsvognene
Mamallapuram
Det store relieffet.
  • Eit stort relieff 9 x 27 meter som anten viser Arjuna som oppnår det han vil frå gudane ved å utøva harde og vanskelege bøner, eller elvegudinnga Ganga som kjem ned frå himmelen.
Mamallapuram
Strandtempelet sett frå vest.
Foto: Gérald Anfossi, 1995
  • Strandtempelet med utsyn over Bengalbukta, men med inngangen frå vestsida mot innlandet. Tempelet blei bygd opp igjen stein for stein etter å ha blitt teken av ein syklon.
  • Fem stridsvogner (Pancha ratha) i stein med namn etter dei fem pandavabrørne: Arjuna, Bhima, Yudhishtra, Nakula og Sahadeva.

Elles i Mamallapuram er det fire spreidde steinstridsvogner og talrike tempel.

I landsbyen finst òg ein svær, rund, balanserande stein som blir kalla «Krishna si smørkule».

Bakgrunnsstoff

Mamallapuram  Wiki Commons har multimedia som gjeld: Mamallapuram

Tags:

Dravidisk arkitekturTamil NaduUNESCOVerdsarv

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Lionel MessiGrunnstoffliste etter atomnummerMusikkgruppa GåteMjøsaHindugudarNiseLarvik kommuneHlíðarfjallRomaniaAbdusamet YigitNypeNamnedagLønnNordenE slåttatæjaAserbajdsjanAnusAlexandra GjerpenErik AndersenMDet britiske riksvåpenetViotíaRaudstrupeTimo VornanenMuhammedSandnessjøenVinje kommuneHannoverBelgiaGullSanta Claus av Paul McCarthyBesjPuddelrockGösta Adrian-NilssonNoregDorídaBritiske monarkarStavangerensembletAn-MagrittMoldedialektHandball-NM 1996/MennStère21. januarInternettDen norske eliteserien i fotballKrøllalfaOsterøySamvirkelagSharp Dressed ManMacawiisFlammepunktKillingSauDanmarkImportordTidslinje over norsk historieHimmelretningYatzyFlaggdagarKronologisk liste over spelemenn på hardingfeleJehovas vitneBjørkefinkIne Marie WilmannBuddhistiske høgtiderAvlídaStorbritanniaUkrainsk kulturStore norske leksikonMånenSlave🡆 More