Maltesisk: Semittisk språk

Maltesisk (maltesisk Malti) er offisielt språk på Malta, og offisielt språk i EU.

Det er ein tidlegare arabisk dialekt, men i løpet av historia si har det teke opp mange lånord og fonologiske trekk frå sørlege italienske dialektar, særleg frå siciliansk, og frå engelsk. Maltesisk er det einaste semittiske språket som har eit skriftspråk skrive med det latinske alfabetet som standard.

Maltesisk
Malti
Klassifisering Afroasiatisk
 Semittisk
  Sentralsemittisk
   Maltesisk
Bruk
Tala i Maltesisk: Grammatikk, Ordforråd, Fonologi Malta
Område Malta
Maltesisktalande i alt 500 000
Skriftsystem Det latinske alfabetet
Offisiell status
Offisielt språk i Maltesisk: Grammatikk, Ordforråd, Fonologi Malta
Maltesisk: Grammatikk, Ordforråd, Fonologi EU
Normert av -
Språkkodar
ISO 639-1 mt
ISO 639-2 mlt
ISO 639-3 mlt
Wiki på maltesisk

Maltesisk fekk status som offisielt språk på Malta i 1936, attmed engelsk. Før det var det offisielle språket på øya italiensk.

Det eldste dokumentet på maltesisk er «Il Cantilena», eit dikt frå 1400-talet.

Grammatikk

Maltesisk er eit arabisk språk, noko som kjem godt fram i grammatikken. Adjektiva kjem etter substantiva i nominalfrasen, det er ikkje eigne adverb, og ordstillinga er relativt fri. Som i arabisk og hebraisk, tar substantiva og adjektiva determinativ, til dømes L-Art l-Imqaddsa, bokstaveleg «det land det heilag = Det heilage landet»; jamfør arabisk Al-Ardh al-Muqaddasa). Denne regelen gjeld ikkje for substantiv og adjektiv lånt frå siciliansk.

Morfologi

Substantiv

Substantiv blir bøygd i eintal, total og fleirtal. Verb blir bøygd som i andre semittiske språk, der vokalane endrar seg, men ein stamme på tre konsonantar er konstant, jf. ktibna, arabisk katabna, hebraisk katavnu «vi skreiv»). Lånord frå siciliansk blir handsama på ein annan måte, med prefiks og suffiks, t.d. iddeċidejna "vi bestemte" < (i)ddeċieda 'verbstamme' + -ejna 'første person plural perfektum').

Dette speglar eit generelt trekk i maltesisk grammatikk: Det er to parallelle grammatiske mønster, eit med semittisk indre bøying for det semittiske ordforrådet, og eitt med suffiksering og perifrastiske konstruksjonar for det ikkjesemittiske ordforrådet.

Romanske lånord uttrykker fleirtal med hjelp av suffiks, -i eller -jiet (for eksempel lingwa, lingwi «språk»; arti, artijiet «kunst»). Fleirtal av semittiske ord, derimot, kan uttrykke fleirtal med suffiksering eller med indre bøying. Regelmessige substantiv får suffikset -iet/-ijiet (jf. arabisk -at og hebraisk -ot) eller -in (arabisk -in, hebraisk -im). Viss dei er uregelrette, blir dei bøygd med intern vokalendring: ktieb, kotba «bøker», raġel, irġiel "menn".

Verb

Maltesiske verb blir bøygd i eintal, total og fleirtal. Delar av verbbøyinga er av semittisk type, med ei rot som består av ei konstant konsonantrekke og med vokalvekslingar mellom desse.

Ordforråd

Grovt sett er rundt 40 % av det maltesiske ordforrådet i dag av semittisk opphav, 40 % av romansk og 20 % av engelsk.

Grunnordforrådet er semittisk, men det er mange lånord frå siciliansk, særleg innanfor kulturordforrådet. Ord som raġel mann, mara kvinne, tifel barn, dar hus, xemx sol, sajf sommer, er semittiske, mens ord som skola skole, gvern regjering, repubblika republikk, re konge, natura natur, pulizija politi, ċentru senter, teatru teater, differenza skilnad, er lånt frå siciliansk. Det finst også ein del engelske lånord, som strajk, 'streik' og daljali, 'ringe'.

Fonologi

Her kjem det maltesiske alfabetet, med IPA -symbol og norske døme:

Bokstav IPA Uttale
A a som norsk a
B b som norsk b, men i slutten av ord som p.
Ċ som i engelsk church
D d som norsk d, men i slutten av ord som t.
E ɛ som norsk e
F f som norsk f
Ġ som engelsk jump (dzj), som tysk dsch i 'Dschungel', men i slutten av ord som tsj
G g som norsk g, men i slutten av ord som k.
  Denne bokstaven gjer vokalen som står attmed lang og faryngalisert, bortsett frå når det kjem ein 'h' etterpå, då blir han uttalt som lang 'ħ'
H   ikkje uttalt, bortsett frå i slutten av ord, då det blir uttalt som 'ħ'.
Ħ ħ som tysk «ch» i 'Bach'.
I i som norsk i
IE , som tysk lang ih/ie
J j som norsk j
K k som norsk k
L l som norsk l
M m m
N n som norsk n
O ɔ som norsk (kort) å, t.d. i godt
P p som norsk p
Q ʔ glottal stop, som i Cockney-engelsk «bottle».
R r som norsk r.
S s som norsk s
T t som norsk t
U u som i norsk tung.
V v som norsk v, men i slutten av ord som f.
W w som i engelsk west
X ʃ som norsk sj i sjokolade
Z ts som norsk ts i vits, men i nokre lånord som dz.
Ż z stemt s, som i engelsk maze, men i sluttenav ord som s.

Bakgrunnsstoff

Maltesisk: Grammatikk, Ordforråd, Fonologi  Wikimaltesisk


Semittiske språk
Austsemittisk: akkadisk
Nordvestsemittisk: ugarittisk · hebraisk · arameisk · arabisk · maltesisk
Sørsemittisk: geez · amharisk · tigrinja · tigré · gurage · harari

Kjelder

Tags:

Maltesisk GrammatikkMaltesisk OrdforrådMaltesisk FonologiMaltesisk BakgrunnsstoffMaltesisk KjelderMaltesiskArabiskDet latinske alfabetetEngelskItalienskMaltaSemittiske språkSicilianskSkrift

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Adolf HitlerDet norske flaggetPanserbataljonenEl NiñoBergen kommuneAldous HuxleyMjøsaAust-ArjithéaENederlandEselDen austerrikske arvefølgjekrigenAspropótamos i TríkalaRekreasjonVisentGjærKallífonoEnglandNorsk ytre språkhistorieKrøllparentesNyttårTeknologiStareVinter-OL 1988Muscat guvernementDen norske språkstridenJan MayenMartin ØdegaardOksygenIndonesiaAndre verdskrigenHellas i antikkenKvartalElon MuskRoger KjendalenSamleieHardy-gutteneSong-dynastietFriksjonDet norske alfabetetMartha SkrettebergNasjonaldyrStrategispelJon FosseKristiansund BallklubbTilsynelatande storleiksklasseKjemisk formelIolkósDet franske koloniriketJehovas vitneDen islamske statenDS «Iris» (1901)Desta Marie BeederVM i alpine greiner 2019Nykøbing MorsBiologisk familieSionistInternasjonalenHåvard RemJolene av Dolly PartonOzzy OsbourneFelix MendelssohnGlimmerSigmund FreudOlivettiHypertrofiMengdRomandieEli Skolmen RygItaliaBuddhistiske høgtiderWattensAtle Hansen🡆 More