Make You Feel My Love

«Make You Feel My Love» er ein song skriven av Bob Dylan frå albumet Time Out of Mind (1997).

Make You Feel My Love
Song av Bob Dylan
frå albumet Time Out of Mind
Utgjeve 30. september 1997
Innspelt Januar 1997
Sjanger Bluesrock
Lengd 3:32
Selskap Columbia
Komponist Bob Dylan
Tekstforfattar Bob Dylan
Låtskrivar(ar) Bob Dylan
Produsent Daniel Lanois

Han vart først gjeven ut av Billy Joel under tittelen «To Make You Feel My Love», før versjonen til Dylan kom ut seinare på året. Han har sidan blitt framført av mange artistar, som Adele, Garth Brooks, Shane Filan, Bryan Ferry, Kelly Clarkson og Ane Brun. To versjonar av songen (ein av Garth Brooks og ein av Trisha Yearwood) vart nytta i filmen Hope Floats i 1998. Dylan gav etter kvart ut songen på singel.

Medverkande

Andre medverkande

Billy Joel-versjonen

To Make You Feel My Love
Singel av Billy Joel
frå albumet Greatest Hits, Volume III
B-side

Intro/Summer, Highland Falls

Språk engelsk
Utgjeve 1997
Innspelt 1996–97
Sjanger Rock
Selskap Columbia
Komponist Bob Dylan
Tekstforfattar Bob Dylan
Låtskrivar(ar) Bob Dylan
Produsent
  • Billy Joel
  • Joe Nicolo-Peter Asher
Billy Joel-kronologi 
«Lullabye (Goodnight, My Angel)»
(1994)
To Make You Feel My Love «Hey Girl»
(1997)


Billy Joel spelte inn songen som «To Make You Feel My Love» for samlealbumet Greatest Hits Volume III (1997). Songen vart gjeven ut som den første singelen frå albumet og nådde 50. plassen på den amerikanske Billboard Hot 100. Joel si utgåve kom ut før Dylan gav ut sin versjon ein månad seinare.

Salslister

Liste (1997) Plassering
Australia (ARIA) 90
Nederland (Mega Single Top 100) 99
US Billboard Hot 100 50
US Billboard Hot Adult Contemporary Tracks 9
US Billboard Hot Singles Sales 53

Garth Brooks-versjonen

To Make You Feel My Love
Singel av Garth Brooks
frå albumet Hope Floats: Music from the Motion Picture
Språk engelsk
Utgjeve 18. mai 1998
Innspelt 1998
Sjanger Countrypop
Lengd 3:54
Selskap Capitol Nashville
Komponist Bob Dylan
Tekstforfattar Bob Dylan
Låtskrivar(ar) Bob Dylan
Produsent Garth Brooks
Garth Brooks-kronologi 
«Two Piña Coladas»
(1998)
To Make You Feel My Love «Burnin' the Roadhouse Down»
(1998)


Garth Brooks spelte inn songen som «To Make You Feel My Love» i 1998. Han kom ut på filmmusikkalbumet til filmen Hope Floats i 1998 i lag med ein coverversjon av Trisha Yearwood som første og siste spor å albumet. Han vart først gjeve ut som bonusspor på Fresh Horses for den første Limited Series-boksen og så på alle seinare utgåver av albumet. Brooks-versjonen vart nominert til Grammyprisen for beste mannlege countrysong, medan Bob Dylan vart nominert til beste countrysong.

Salslister

Vekeslister

Liste (1998) Plassering
Canada Adult Contemporary Tracks (RPM) 22
Canada Country Tracks (RPM) 7
US Adult Contemporary (Billboard) 8
US Country Songs (Billboard) 1

Årslister

Liste (1998) Plassering
Canada Country Tracks (RPM) 63
US Country Songs (Billboard) 32

Adele-versjonen

Make You Feel My Love
Song av Adele
frå albumet 19
Utgjeve 27. oktober 2008
Innspelt Oktober 2007
Sjanger
Lengd 3:32
Selskap XL
Komponist Bob Dylan
Tekstforfattar Bob Dylan
Låtskrivar(ar) Bob Dylan
Produsent Jim Abbiss
Adele-kronologi 
Hometown Glory Make You Feel My Love Water and a Flame


I 2008 spelte den britiske songaren Adele inn «Make You Feel My Love» for debutalbumet hennar 19 (2008). Han vart gjeven ut som den fjerde og siste singelen frå albumet den 27. oktober 2008 og nådde 26. plassen på singellista.

Bakgrunn

«Make You Feel My Love» er den einaste coverlåten på debutalbumet til Adele. Adele fortalte at «manageren min er veldig stor Dylan-fan og i lang tid prøvde han å få meg til å lytte til songen, fordi eg ikkje hadde høyrt han før. Eg var ganske trassig i mot det. Eg sa 'eg vil ikkje ha ein cover på albumet mitt. Det indikerer at eg ikkje kan skrive nok songar på eiga hand for den første plata mi.' Og så høyrde eg han i New York då han spelte songen for meg, og han berre verkeleg trefte meg. Eg syns det er ein fantastisk song, og oppsummerer eigentleg alt eg prøver å skrive i songane mine.»

Pianoet vert spelt av Neil Cowley og Adele sjølv spelar bass.

Mottaking

I følgje Alex Fletcher på Digital Spy uttrykker versjonen til Adele kjærlei til songen, «med berre piano som akkompagnement får den drøymande og lidenskapelege vokalen hennar verkeleg skine». I følgje The Guardian-skribenten Dave Simpson gjorde «Adele med si rolege levering songen til hennar eigen».

I januar 2013 rangerte Heart Radio Adele sin versjon av songen som den beste britiske songen gjennom tidene på ei topp 500-liste.

Salslister

Songen nådde opphavleg berre 29. plassen på den britiske singellista. I september 2010 vart songen framført på The X Factor av Annastasia Baker, og songen gjekk så inn att på UK Singles Chart på ein 24. plass. Så klatra songen heilt til fjerdeplassen etter at songen vart framført av Gamu Nhengu i same show. Etter nok ei framføring på X Factor og då songen vart mykje nytta i Comic Relief i 2010, låg songen ytterlegare tre veker til på topp 10.

Tidleg i 2011 gjekk songen inn på topp 40 igjen, på ein 34. plass, etter at han vart nytta i Britain's Got Talent.

«Make You Feel My Love» passerte éin million selde eksemplar i Storbritannia i 2017.

I andre medium

  • S.W.A.T.
  • Waterloo Road
  • One Tree Hill
  • Ghost Whisperer
  • Parenthood
  • The Bold and the Beautiful
  • General Hospital
  • Bones
  • Hollyoaks
  • EastEnders
  • Glee
  • Nashville
  • Emmerdale
  • Brothers & Sisters


Salslister og salstrofé

Vekeslister

Liste (2008–2015) Plassering
Belgia (Ultratip Flandern) 17
Canada (Hot Canadian Digital Songs) 43
European Hot 100 Singles 17
Irland (IRMA) 5
Nederland (Nederlandsk Topp 40) 3
Nederland (Mega Single Top 100) 1
Skottland (Official Charts Company) 4
Sverige (Sverigetopplistan) 44
UK Singles (Official Charts Company) 4
UK Indie (Official Charts Company) 1

Årslister

Liste (2009) Plassering
Den nederlandske singellista 7
Liste (2010) Plassering
UK Singles Chart 48

Salstrofé

Region Salstrofé Salstal
Belgia (BEA) Gull 15 000*
Canada (Music Canada) 2× Platina 160 000^
Italia (FIMI) Gull 10 000*
Storbritannia (BPI) 2× Platina 1 200 000^
USA (RIAA) Gull 500 000*

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Andre versjonar

«Make You Feel My Love» er òg blitt spelt av:


Norske versjonar

Norsk tittel Tekstforfattar Artist År
Min kjærlighet til deg Erik Lie New Jordal Swingers 2001
Vis dæ elsken min Tor Hestbråten Arve-Gunnar Heløy 2002
Vårsang Rolf Robertsen Lises Veranda 2004
Fordi jeg elsker deg Bjarte Hjelmeland Bjarte Hjelmeland 2008
Anne Gravir Klykken 2012
Splint 2014
Rune Larsen 2016
Sondrey 2016
Fordi eg elskar deg Ingebjørg Bratland Ingebjørg Bratland 2015
Fylt av min kjærlighet Anne Grete Preus Anne Grete Preus 2009
Roar Eriksen 2013


Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

Make You Feel My Love MedverkandeMake You Feel My Love Billy Joel-versjonenMake You Feel My Love Garth Brooks-versjonenMake You Feel My Love Adele-versjonenMake You Feel My Love Andre versjonarMake You Feel My Love KjelderMake You Feel My Love BakgrunnsstoffMake You Feel My LoveAdeleAne BrunBilly JoelBob DylanBryan FerryGarth BrooksKelly ClarksonTime Out of MindTrisha Yearwood

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

ISO 8601Oslo kommuneSeladonMiddelhavetSiderMax CarlWienerklassisismenLufttrykkSunnmøreForbundsrepublikkLysPalamásHarriet BackerMesonKarsten WarholmStord kommuneTríkalaElektrisk kraftArabiskNordfjordeidBrasilJolene av Dolly PartonPetter SalstenThessalíaBergenHindugudarLemmingSvanesjøenHardy-gutteneVerdas landDet norske flaggetEyvind JohnsonReutersAfrikaNaturCarl XVI Gustaf av SverigeRhinenNorske dialektarYuan-dynastietClaus JervellAbugidaVerktøyet filAlexander KiellandKolVrangianáUTCMarit BjørgenGulMeteoraAlderspensjonWattensKristoffer ColumbusMiljøproblemNasjonaldyrOrIdrettshallOksygenChristianiaByar i HellasHarry PotterEllipsoideRSSIolkósStatsreligionCarl LarssonFrozenJaroslav SakalaNato-alfabetetSvart kattWikipediaNorsk fonologi🡆 More