You Make Me Feel Like A Natural Woman

Baby, Baby, Baby

(You Make Me Feel Like) A Natural Woman
Singel av Aretha Franklin
frå albumet Lady Soul
B-side

Utgjeve September 1967
Innspelt 1967
Studio American Sound Studio i Memphis i Tennessee
Sjanger soul
Lengd 2:45
Selskap Atlantic
Tekstforfattar Gerry Goffin
Låtskrivar(ar)
Produsent Jerry Wexler
Aretha Franklin-kronologi 
«Baby I Love You»
(1967)
(You Make Me Feel Like) A Natural Woman «Chain of Fools»
(1967)


«(You Make Me Feel Like) A Natural Woman» er ein song frå 1967, gjeven ut på singel av den amerikanske soulsongaren Aretha FranklinAtlantic. Teksten var skriven av Gerry Goffin etter ein idé av produsenten Jerry Wexler i Atlantic, og musikken var komponert av Carole King. Songen vart skriven for Franklin og singelen vart ein stor hit som nådde åttandeplassen på Billboard Hot 100, og vart ein av signaturlåtane hennar. Han laga historie i Storbritannia då han gjekk inn på den britiske singellista ei veke etter ho døydde, nesten 51 år etter at songen først kom ut. Han nådde då 79. plassen. Franklin gav òg ut eit konsertopptak av songen på albumet Aretha in Paris in 1968.

Carole King sjølv spelte inn songen i 1971 på albumet sitt Tapestry. Blant dei mange andre versjonane av songen finst versjonar av Mary J. Blige og Celine Dion, som begge kom ut i 1995. På Kennedy Center Honors i 2015, framførte Aretha Franklin songen til ære for prismottakaren Carole King.

Originalinnspeling

Songen vart skriven av Gerry Goffin og Carole King og var inspirert av Atlantic Records-medeigaren og produsenten Jerry Wexler. Wexler fortalte i sjølvbiografien sin at han studerte afroamerikansk musikkultur og hadde fundert på konseptet om «det naturlege mennesket», då han køyrde forbi King i ei gate i New York. Han ropte til ho at han ønskte ein «naturleg kvinne»-song for det neste albumet til Aretha Franklin. Goffin og King drog heim og skreiv songen same kvelden. Som takk gav dei Wexler rolla som medlåtskrivar.

Cash Box sa at «songmessig er songen utan sidestykke; og med glimrande produksjon og akkompagnement vert summen ei knusande framferd» og at songen byggjer seg til «nye kjenslemessige toppar» frå ein «formidabel» start.

Medverkande

Salslister

Liste (1967) Plassering
Australia 36
Canada RPM 11
U.S. Billboard Hot 100 8
U.S. Billboard R&B 2
U.S. Cash Box Top 100 12
Liste (2018) Plassering
Sweden Heatseeker (Sverigetopplistan) 12
U.K. Top 100 79

Salstrofé

Region Salstrofé Salstal
Storbritannia (BPI) Sølv 200 000^

xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Seinare versjonar

(You Make Me Feel Like) A Natural Woman
song av Carole King
frå albumet Tapestry
Utgjeve 1971
Innspelt Januar 1971
Sjanger Softrock
Lengd 3:49
Selskap Atlantic Records
Tekstforfattar Gerry Goffin
Låtskrivar(ar)
You Make Me Feel Like A Natural Woman 
Carole King framfører «(You Make Me Feel Like) A Natural Woman» i 2010.

«Natural Woman» vart gjeven ut av Peggy Lipton i 1968 på det sjølvoppkalla albumet hennar på Ode Records, av Freddie Hughes i 1968 som «Natural Man» (Wand Records 1192), og av George Benson på albumet hans Goodies i 1968 (Verve Records V6-8771).

Peggy Lee gav ut ein versjon i 1969 på albumet A Natural Woman.

Han vart spelt inn av Carole King på albumet hennar Tapestry i 1971. Celine Dion spelte inn songen i 1995 for Tapestry Revisited: A Tribute to Carole King, og gav han ut på singel. Mary J. Blige spelte òg inn songen det året for New York Undercover.

Rod Stewart spelte inn songen på albumet sitt Smiler i 1974.

Joyce Sims spelte inn ein versjon av songen i 1989 på albumet All About Love.

Tami Roman si R&B-gruppe frå 1990-åra Female, spelte inn ein versjon av songen for filmen Panther i 1995.

Beccy Cole spelte inn eit konsertopptak av songen i 2007 på albumet sitt Live @ Lizotte's.

Carole King og Gloria Estefan framførte songen i mai 2009 på She's Got a Friend-konstarne i Foxwoods Resort Casino i Connecticut. Lydopptak frå framføringane kom ut på somme utgåver av Estefan-albumet The Standards i 2013.

I 2012 spelte Christine Anu inn songen på albumet sitt Rewind: The Aretha Franklin Songbook.

I 2014 song Amber Riley songen i den femte sesongen av Fox-serien Glee.

I desember 2015 framførte Aretha Franklin songen på Kennedy Center Honors til ære for Carole King. Framføringa vart høgt akta.

Songen kom ut på debutalbumet til gruppa Leading Ladies, framført av musikalskodespelaren Cassidy Janson, som hadde spelt hovudrolla i Beautiful: The Carole King Musical.

Mary J. Blige-versjonen

Salslister

Liste (1995–96) Plassering
Nederland (Nederlandsk Topp 40) 36
Nederland (Mega Single Top 100) 46
New Zealand (RIANZ) 15
Skottland (Official Charts Company) 61
UK Singles (Official Charts Company) 23
UK Dance (Official Charts Company) 7
UK R&B (Official Charts Company) 4
US Billboard Hot 100 95
US Hot R&B/Hip-Hop Songs (Billboard) 39
US Rhythmic (Billboard) 40

Celine Dion-versjonen

«(You Make Me Feel Like) A Natural Woman» kom ut som ein promosingel for Celine Dion i november 1995 i Nord-Amerika og Storbritannia. Han var på eit hyllestalbum til Carole King, kalla Tapestry Revisited: A Tribute to Carole King, utgjeve 24. oktober 1995. Seinare inkluderte Dion dette sporet på dei fleste utgåvene hennar av albumet Falling into You i 1995. Songen var produsert av David Foster. Dion sin versjon fekk moderat suksess på adult contemporary-listene, og nådde fjerdeplassen i Canada og 31. plassen i USA. I 2008 var songen nytta på den amerikanske versjonen av My Love: Ultimate Essential Collection. Då Falling Into You vann Grammyprisen for årets album i 1997, var songen den første som kom ut på to årets album - etter at Tapestry vart årets album i 1971.

14. april 1998 framførte Dion, Aretha Franklin, Mariah Carey, Shania Twain, Gloria Estefan og Carole King songen i lag under ein konsert for VH1 Divas i Beacon Theatre i New York. Dei seks vokalistane vart henta inn av VH1 for å samle inn pengar for Save the Music. VH1 gav seinare ut konsert på plate den 6. oktober 1998. Versjonen vart òg gjeven ut som radiosingel.

Medverkande

  • Celine Dion – vokal, korvokal
  • Lynn Davis – korvokal
  • David Foster – arranger, klaverinstrument, produsent
  • Michael Thompson – gitar

Format

1995 promo CD-singel (Celine Dion)

  1. «(You Make Me Feel Like) A Natural Woman» – 3:43

1998 promo CD-singel (Divas)

  1. «(You Make Me Feel Like) A Natural Woman» (Live) – 5:15
  2. «You've Got a Friend» (Live) – 5:29

Salslister

Vekeslister
Liste (1995–1996) Plassering
Canada Top Singles (RPM) 47
Canada Adult Contemporary Tracks (RPM) 4
UK Airplay Chart (Official Charts Company) 79
US Adult Contemporary (Billboard) 31

Årslister
Liste (1996) Plassering
Canada Adult Contemporary (RPM) 53
US Adult Contemporary (Radio & Records) 94

Kjelder

Tags:

You Make Me Feel Like A Natural Woman OriginalinnspelingYou Make Me Feel Like A Natural Woman Seinare versjonarYou Make Me Feel Like A Natural Woman KjelderYou Make Me Feel Like A Natural Woman

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Elvis PresleyPliktetikkJerpeJakob II av EnglandKoboltEngelskFemøringSlumdog MillionairePink FloydYosef Wolde-MariamLimequatEddadiktSionistSjakkIvar AasenVictoria av StorbritanniaVM i fotball 2022Ophiocordyceps unilateralisStøvsugarSatyajit RayLagertha45 av KinoJaktaKent AndersenGrodagenPer PaustAndre verdskrigenJessica DigginsSoparKapp VerdeRakiaSnøstjerneDet kommunistiske manifestetJohnny DeppTysklandHjuldyrBondelungeLufttrykkVelosipedChancyKolonialhandelSteinThessaliótidaEmma Tallulah BehnHydrogenEpiPenRoald AmundsenBrusselQurayyat i OmanKristopher SchauBrennverdiRitornellEtanolJolene av Dolly PartonFlaggdagarKristian IV av Danmark-NoregMardalsfossenMeter per sekundTalordMElin SognBoge i arkitekturenHolmenkollmedaljenIALA maritime bøyesystemI'm Still StandingDen indre kjernenGeorg III av StorbritanniaDamplokomotivSperkhiádaHlíðarfjallLeonardo da VinciFriksjonISO 8601🡆 More