You've Got A Friend

You Can Close Your Eyes

You've Got a Friend
Singel av Carole King
frå albumet Tapestry
Språk engelsk
Utgjeve 1971
Sjanger Softrock
Lengd 5:09
Selskap
Komponist Carole King
Tekstforfattar Carole King
Låtskrivar(ar) Carole King
Produsent Lou Adler
You've Got a Friend
Singel av James Taylor
frå albumet Mud Slide Slim and the Blue Horizon
B-side

Språk engelsk
Utgjeve Mai 1971
Sjanger
Lengd 4:29
Selskap Warner Bros.
Komponist Carole King
Tekstforfattar Carole King
Låtskrivar(ar) Carole King
Produsent Peter Asher
James Taylor-kronologi 
«Country Road»
(1971)
You've Got a Friend «You Can Close Your Eyes»
(1971)


«You've Got a Friend» er ein song frå 1971 skriven av Carole King. Han vart først spelt inn av King for albumet hennar Tapestry. Ein annan kjend versjon vart spelt inn av James Taylor for albumet hans Mud Slide Slim and the Blue Horizon. Versjonen hans kom ut på singel i 1971 og gjekk til topps på Billboard Hot 100 og nådde fjerdeplassen på UK Singles Chart. Dei to versjonane vart spelte inn samstundes i 1971 med dei same musikarane.

«You've Got a Friend» vann Grammyprisar både for Taylor (beste mannlege popframferd) og King (årets song). Mange andre artistar har spelt inn songen i løpet av åra, som Dusty Springfield, Michael Jackson, Anne Murray og Donny Hathaway.

Historie

You've Got A Friend 
James Taylor og Carole King på Troubadour Reunion Tour i 2010.

«You've Got a Friend» vart skriven av Carole King under innspelinga i januar 1971 for hennar eige album Tapestry og James Taylor sitt Mud Slide Slim and the Blue Horizon. King har uttalt at «songen var så nær rein inspirasjon som eg nokon gong har opplevd. Songen skreiv seg sjølv. Han vart skriven av noko utanfor meg sjølv, gjennom meg.» Ifølgje Taylor fortalde King han at songen var eit svar på ein replikk i den tidlegare songen til Taylor «Fire and Rain» om at «eg har sett einsame tider då eg ikkje kunne finna ein venn.» Albumet til King vart spelt inn i ein overlapp med Taylor sitt og King, Danny Kortchmar og Joni Mitchell opptrer på begge. Songen er inkludert på begge albuma. King sa i eit intervju frå 1972 at ho «ikkje skreiv han med James eller nokon andre spesifikt i tankane. Men då James høyrde songen likte han den veldig godt og ønsket å spela han inn».

Taylor sin versjon vart gjeven ut på singel, og gjekk til topps på Billboard Hot 100 og fjerdeplassen på UK Singles Chart. James Taylor-versjonen heldt òg til ei veke på toppen av Easy Listening-lista. Billboard rangerte songen som nummer 16 for 1971.

Under innspelingsprosessen tilbaud Taylor òg Mary Hopkin, som var på same plateselskapet som hans sjølv, Apple Records, ein sjanse til å spela inn songen, men ho avviste, ei avgjerd ho seinare sa at ho angra sterkt på.

James Taylor og Carole King framførte «You've Got a Friend» saman i 2010 under deira Troubadour Reunion Tour. I 2015 framførte Taylor ei akustisk attgjeving av songen på Hôtel de Ville i Paris, på invitasjon frå den amerikanske utanriksministeren John Kerry og Paris-ordføraren Anne Hidalgo som ein hyllest til offera for Île-de-France-åtaka i januar 2015.

Mottaking

I følgje forfattaren James D. Perone er songen eit uttrykk for «ein universell, systerleg/broderleg, agape-aktig kjærleik frå eitt menneske til eit anna, uavhengig av kjønn.» Den «tryggande» teksten har lenge gjort songen populær blant einsame menneske som treng eit sjølvtillitsløft. Meldingane i songen om vennskap utan grenser og at ein venn er der når du er i naud har universell appell. For Taylor hadde teksten spesiell resonans på grunn av depresjonen han hadde komme seg etter kort tid før han høyrde King spela songen. Musikken rører seg mellom ein dur- og molltoneart, noko som ifølgje musikkritikaren Maury Dean gjev songen ei «sympatisk stemning.»

I meldinga si av Tapestry kalla Rolling Stone-kritikaren Jon Landau «You've Got a Friend» for Carole King sin «mest perfekte nye song». Han roste særskild korleis melodien og teksten støttar kvarandre, og den «nydelege, rettferdige rockemelodien» til teksten på slutten. Mojo såg på songen som truleg «kjernen på Tapestry». Allmusic- kritikaren Stewart Mason kommenterte den «klåre intimiteten» i framføringa til King. Mason meinte ut at «sjenansen» i røysta til King gjev innspelinga hennar av songen ei oppriktigheit som han synest Taylor manglar. Mason roser òg «djupna og skuggelegginga» som strengeinstrumenta på utgåva til King gjev.

I meldinga si av Mud Slide Slim and the Blue Horizon skildra Rolling Stone-kritikaren Ben Gerson «You've Got a Friend» som ein «bekreftande song», men indikerte at versjonen til James Taylor var for lik originalversjonen til Carole King til å ha vore verd å inkludera på albumet hans. Musikkritikaren Maury Dean sildra framføringsstilen til Taylor på songen som minimalistisk og folkeleg og kommenterer hans «stjernespranga oppriktigheit.» Cash Box roste det «velsmakande materialet og den fantastiske tolkinga til Taylor.»

Salslister

Vekeslister

Liste (1971) Plassering
Australia (Kent Music Report) 25
Canada Adult Contemporary Tracks (RPM) 12
Canada Top Singles (RPM) 2
Irland (IRMA) 3
Nederland (Nederlandsk Topp 40) 20
Nederland (Mega Single Top 100) 14
UK Singles (Official Charts Company) 4
US Adult Contemporary (Billboard) 1
US Billboard Hot 100 1
US Cash Box Top 100 1

Årslister

Liste (1971) Plassering
Canada RPM Top Singles 33
UK[treng kjelde] 32
US Billboard Hot 100 16
US Cash Box 27

Salstrofé

Region Salstrofé Salstal
Storbritannia (BPI) Sølv 200 000^
USA (RIAA) Gull 1 000 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Medverkande

Carole King-versjonen

James Taylor-versjonen

Brand New Heavies-versjonen

You've Got a Friend
Singel av The Brand New Heavies
frå albumet Shelter
B-side

Remix

Språk engelsk
Utgjeve 1997
Sjanger
Lengd 3:27
Selskap FFRR
Komponist Carole King
Tekstforfattar Carole King
Låtskrivar(ar) Carole King
Produsent The Brand New Heavies
The Brand New Heavies-kronologi 
«You Are the Universe»
(1997)
You've Got a Friend «Shelter»
(1998)


«You've Got a Friend» vart spelt inn av den britiske acid jazz og funk-gruppa The Brand New Heavies for albumet deira Shelter i 1997 og var den tredje singelen deira frå albumet. Han nådde niandeplassen på UK Singles Chart og 13. plassen i Skottland i oktober 1997. Songen nådde òg topp 10 i Ungarn. Gruppa framførte songen på musikkprogrammet Top of the Pops.

Mottaking

Daily Record sa at «London sitt soul-funk-band er attende i form» på dette sporet.

Innhald

    CD-singel, UK & Europa (1997)
  1. «You've Got A Friend» (Radio Version)
  2. «You Are The Universe» (Recorded Live At The Forum)
  3. «Midnight At The Oasis» (Recorded Live At The Forum)
  4. «Sometimes» (Recorded Live At The Forum)
    CD-singel, UK & Europa (1997)
  1. «You've Got A Friend» (Radio Version) - 3:27
  2. «You've Got A Friend» (Brooklyn Funk R&B Mix) - 4:58
  3. «You've Got A Friend» (Ballistic Brothers Mix) - 5:00
  4. «You've Got A Friend» (Brooklyn Funk Club Mix) - 4:54
  5. «You've Got A Friend» (Tee's Club Mix) - 6:27
  6. «You've Got A Friend» (Original Mix) - 3:48

Salslister

Liste (1997) Plassering
Europa (Eurochart Hot 100) 24
Tyskland (Media Control AG) 77
Nederland (Mega Single Top 100) 79
Hungary (Mahasz) 7
Iceland (Íslenski Listinn Topp 40) 32
Irland (IRMA) 25
Skottland (Official Charts Company) 13
UK Singles (Official Charts Company) 9

Andre versjonar

Dusty Springfield spelte inn songen tidleg i 1971 under øktene for hennar tredje Atlantic Records-album Faithful. Innspelinga hennar er tidlegare enn James Taylor, men vart skrinlagt til 1999 då versjonen vart inkludert som eit bonusspor på luksusutgåva av dei første Atlantic-albuma hennar, det kritikarroste Dusty in Memphis (som inneheldt fire Carole King-komposisjonar). Faithful vart ikkje gjeve ut på grunn av tvistar mellom Springfield og Atlantic, men øktene vart til slutt gjeve ut som eit frittståande album i 2015.

Songen vart spelt inn av Roberta Flack og Donny Hathaway for albumet deira Roberta Flack & Donny Hathaway frå 1972 og vart gjeve ut som den første singelen til albumet. Singelen vart gjeve ut eit år før albumet vart utgjeve, og vart tilfeldigvis utgjeve på same dato som singelen til James Taylor: 29. mai 1971. Flack og Hathaway-versjonen nådde 29. plassen på på Billboard Hot 100 og åttandeplassen på på R&B-lista.

Denne songen vart òg spelt inn av Aretha Franklin for live-gospel-framferda hennar Amazing Grace frå 1972, sjølv om han vart gjeve ut på det albumet som ein del av ein medley med «Precious Lord Take My Hand». Denne versjonen av songen vart kjent for eit breiare publikum med 2018-utgjevinga av dokumentaren med filmen frå desse konsertane, òg kalla Amazing Grace: The Complete Recordings. Rhino Records gav ut plata på fire LP-ar og to CD-ar i mars 2019.

I omtrent 1973 eller 1974 vart songen spelt av den kambodsjanske songaren Pou Vannary med teksten omsett til khmer. Vannary si attgjeving er med på lydsporet til dokumentarfilmen Don't Think I've Forgotten frå 2015.

«You've Got a Friend» vart framført av Celine Dion, Shania Twain, Gloria Estefan og Carole King på VH1 Divas Live-konserten i Beacon Theatre i New York i 1998. Han vart gjeven ut som singel og nådde nummer 74 på det belgiske Flanders Airplay-lista.

I 2005 hamna det britiske pop/rock-bandet McFly sin versjon av denne songen som toppen av UK Singles Chart. Denne vart gjeve ut som ei dobbel-A-side saman med songen deira «All About You». Dette var òg den offisielle singelen for årets Comic Relief-arrangement.

Yo La Tengo spelte denne songen på albumet deira Popular Songs.

Den amerikanske TV-serien Glee brukte denne songen i ein mashup med Alanis Morissette-songen «You Learn» for sesong seks-episoden «Jagged Little Tapestry», ein hyllest til både King-albumet Tapestry og Morisette-albumet Jagged Little Pill. Han vart framført av Rachel Berry (Lea Michele), Santana Lopez (Naya Rivera), Brittany Pierce (Heather Morris), Tina Cohen-Chang (Jenna Ushkowitz), Quinn Fabray (Dianna Agron) og Kurt Hummel (Chris Colfer).

Sarah Geronimo og Daddy Delfin Geronimo spelte songen for albumet hennar frå 2013, Expressions.

Hiphop-boybandet Brockhampton spelte songen på scenen for konsertfilmen deira, Live From The Chapel.

Kjelder

Tags:

You've Got A Friend HistorieYou've Got A Friend MottakingYou've Got A Friend SalslisterYou've Got A Friend SalstroféYou've Got A Friend MedverkandeYou've Got A Friend Brand New Heavies-versjonenYou've Got A Friend Andre versjonarYou've Got A Friend KjelderYou've Got A Friend

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

CanadaLokeAfrikaNamnedagAkslaBon Iver, Bon IverKjemisk formelKapitalismeThomas JeffersonGabonMogopØrsta kommuneGiroHank LocklinHarry PotterSystem of a DownMaud av NoregBuLamaOdd NerdrumIslandske nasjonaldrakterJaroslav SoukupNoreg under sommar-OL 2008NasjonaldagGrønlandGeologiTenaza PeakSørøya i FinnmarkCharlie WattsAtommodellCarles PuigdemontOperativsystemMozilla FirefoxNile RodgersVan der VeenstraumenSolgangsbrisSjantiYggdrasilAnimismeSerious Hits… Live!GråorJohn P. HammondVM i friidrett 2022Det osmanske riketMargrethe II av DanmarkØresundbruaTwitterAlaskaMenneskeInca Garcilaso de la VegaBuskerud fylkeFreaks of Nature av KansasJacob Tullin ThamsAndreas BlochRSSBybanen i BergenLufttrykkUkrainaBjørkefinkFacesMøteplassAskFilmen EllingDemi LovatoGammeLuganoDurgaAnatolij FirsovDiktISO 8601GambiaNord-AmerikaBrohlbachBukspyttkjertelenJomfru MariaHistorisk oversyn over kommunar i HordalandMaliDet tredje riket🡆 More