Müritz er ein innsjø i Mecklenburg-Vorpommern nord i Tyskland.
Han har eit areal på 117 km² og er med det den nest største innsjøen i Tyskland (etter Bodensjøen). Innsjøen vart danna under den siste istida og på det djupaste er Müritz 31 meter. Elva Elde renn gjennom innsjøen. Delar av Müritz og dei nærliggande skogane og våtmarksområda er ein del av Müritz nasjonalpark. Landkreis Müritz er kalla opp etter innsjøen.
Müritz | |||
innsjø | |||
Nær Zielow | |||
Land | Tyskland | ||
---|---|---|---|
Innsjøtype | Mesotroft vatn | ||
Tilsig | Elde | ||
Utløp | Elde | ||
Høgd over havet | 62 moh. | ||
Areal | 117 km² | ||
Middeldjupn | 6 m | ||
Største djupn | 31 m | ||
Koordinatar | 53°25′N 12°41′E / 53.417°N 12.683°E | ||
Byar | Waren, Röbel | ||
Müritz 53°25′00″N 12°41′00″E / 53.416666666667°N 12.683333333333°E | |||
Wiki Commons: Müritz | |||
Namnet til innsjøen kjem frå det slaviske ordet morcze, som tyder «lite hav».
Den største byen ved innsjøen er Waren.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Müritz, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.