Lugano (latinsk Luganum) er ein by i det sørlege Sveits, i den italienskspråklege kantonen Ticino ved grensa til Italia.
Byen er ein populær turistby, kalla «Sveits' Monte Carlo». Den er den niande største byen i Sveits etter folketal. Kommunen har 54 667 innbyggjarar (2010) og eit areal på 32 km². I storbyområde kring byen bur over 145 000 innbyggjarar. Byen ligg 273 meter over havet, sør for Alpane, ved Luganosjøen mellom innsjøane Lago Maggiore og Lago di Como.
Lugano | |||
---|---|---|---|
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Sveits | ||
Kanton | Ticino | ||
Distrikt | Lugano | ||
Språk | italiensk | ||
Borgarmeister | Giorgio Giudici | ||
Geografi | |||
Flatevidd - kommune | 32 km² | ||
Innbyggjarar - kommune (desember 2010) - folketettleik | 54 667 1 708,3 /km² | ||
Koordinatar | 46°00′0″N 8°57′0″E / 46.00000°N 8.95000°E | ||
Høgd over havet | 273 moh | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 6900 | ||
Nettstad: www.lugano.ch |
Lugano er den niande største byen i Sveits og den største italiensktalande byen utanfor Italia.
Opphavet til namnet kjem mogelegeins frå det latinske ordet Lucus, som tyder «skog» eller «heilag skog», eller det galliske locovanno, «innsjøbuar».
Lugano var vertsby for den fyrste utgåva av Eurovision Song Contest i 1956. Tevlinga vart halden 24. mai 1956 i Teatro Kursaal.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Lugano, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.