Lewis og Harris (engelsk Lewis and Harris, skotsk-gælisk Leòdhas agus na Hearadh, norrønt Ljóðhús ok Hérað) er den største øya i Skottland og den tredje største øya i Dei britiske øyane etter Storbritannia og Irland.
Ho har eit areal på 2 179 km². Øya ligg nordvest i øygruppa Hebridane på vestkysten av Skottland.
Lewis og Harris Lokalt namn Leòdhas is na Hearadh | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Atlanterhavet |
Koordinatar | 58°15′00″N 6°40′01″W / 58.25°N 6.667°W |
Øygruppe | Ytre Hebridane
|
Areal | 2178,98 km²
|
Høgaste punkt | Clisham (799 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Skottland |
Region | Ytre Hebridane |
Største busetnad | Stornoway
|
Demografi | |
Folketal | 19 918 (2001) |
Folketettleik | 9,1 /km² |
Den nordlege delen av øya heiter Lewis og den sørlege Harris. Dei to delane vert vanlegvis omtalt som to forskjellige øyar (Isle of Lewis og Isle of Harris), sjølv om dei i røynda heng i saman og er to delar av same øy. Heile øya har ikkje noko felles namn, verken på engelsk eller gælisk. The Long Island har vorte nytta, (skotsk gælisk: an t-Eilean Fada), men dette er eit namn som normalt vert nytta om heile øyrekka i Ytre Hebridane. Heile øya vert òg nokre gonger berre kalla Isle of Lewis.
Grensa mellom Lewis og Harris går frå fjorden Loch Resort på vestsida til fjorden Loch Seaforth på austsida. Skiljet går altså ikkje der øya er smalest, ved Tarbert på Harris. Harris består for ein stor del av fjellandsskap, medan Lewis har eit flatere landskap. Det høgaste punktet på øya er Clisham som er 799 meter over havet.
Administrativt høyrer øya til Ytre Hebridane (skotsk gælisk Na h-Eileanan Siar, engelsk Western Isles/Outer Hebrides). Tidlegare var Harris ein del av Inverness-shire, medan Lewis var ein del av Ross and Cromarty.
Lewis og Harris vert òg nytta som fellesnamn på alle øyane nord i dei ytre Hebridane. Til denne øygruppa høyrer då utaom Lewis og Harris dei busette øyane Great Bernera (gælisk Beàrnaraigh Ùig) og Scalpay (gælisk Sgalpaigh), og dei no folketomme øyane Taransay (gælisk Tarasaigh) og Scarp (gælisk An Sgarp).
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Lewis og Harris, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.