I informasjonsteori refererer Levenshtein-distansen mellom to strengar (t.d.
to ordformer) til det minste talet på operasjonar som trengst for å endre den eine strengen til ein annan, der operasjonane er innsetjing, stryking eller byting. Levenshtein-distansen har fått namnet sitt etter den russiske forskaren Vladimir Levenshtein, som sette opp mål for redigeringsdistanse i 1965. Levenshtein-distansen er nyttig for å finne ut kor like to strengar er, og blir brukt m.a. i retteprogram, men han har også blitt brukt i bioinformatikk, for å samanlikne DNA-strengar. I dataprogrammering, og særleg webprogrammering, er Levenshtein-distansen brukt mykje i søkemotorar og søkefunksjonar. Ein brukar Levenshtein-distansen for å finne resultat som liknar på f.eks. søkarens inntasting. Wikipedia, til dømes, brukar denne funksjonen.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Levenshtein-distanse, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.