Bioinformatikk er eit fagfelt der ein nyttar informatikk til å henta inn, organisera, analysera og tyda biologiske data; særsklit innan molekylærbiologi og bioteknologi.
Utvikling av gode dataverktøy og databasar er særs viktig i bioinformatikk, og store databasar med informasjon om DNA- og proteinsekvensar utgjer som regel råmaterialet for den biostatistiske analysen. Sentralt er utvikling av teori og statistiske/matematiske modellar som gjer det mogeleg å stilla og svara på grunnleggjande spørsmål om molekylær evolusjon, biologisk funksjon og samspelet mellom biologiske prosessar på ulike nivå i levande organismar.
Ved hjelp av bioinformatikk freistar ein mellom anna å identifisera proteinkodande område i DNA-sekvensar og spå strukturen og funksjonen til protein gjennom samanlikningar med protein kjende frå før.
«bioinformatikk» i Store norske leksikon, snl.no. Henta 22. november 2016.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Bioinformatikk, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.