Let's Dance

Cat People (Putting Out Fire)

Let's Dance
Singel av David Bowie
frå albumet Let's Dance
B-side

Språk engelsk
Utgjeve 14. mars 1983
Innspelt Desember 1982
Studio Power Station, Manhattan, New York City
Sjanger
Lengd 4:08 (singel)
7:37 (album)
Selskap EMI America – EA152
Komponist David Bowie
Tekstforfattar David Bowie
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent Nile Rodgers
David Bowie-kronologi 
«Peace on Earth/Little Drummer Boy»
(1982)
Let's Dance «China Girl»
(1983)


«Let's Dance» er ein song av den engelske musikaren David Bowie, gjeve ut som tittelsporet på albumet Let's Dance i 1983. Han var skriven av Bowie og produsert av Nile Rodgers frå bandet Chic, og kom ut som den første singelen frå albumet i mars 1983. Songen vart ein av dei største hittane til Bowie. Han vart spelt inn seint i 1982 i Power Station på Manhattan og var den første songen spelt inn for albumet. Slutten av songen har ein gitarsolo av bluesgitaristen Stevie Ray Vaughan.

Singelen var ein av dei raskast seljande singlane til Bowie. Han gjekk inn på UK Singles Chart på femteplassen den første veka og låg så på toppen av singellista dei tre neste vekene. Kort tid etter toppa singelen òg Billboard Hot 100, og vart den første og einaste singelen til Bowie som toppa listene i både USA og Storbritannia. Det var òg den andre og siste singelen hans som toppa lista i USA. I Oseania missa han så vidt toppen av den australske lista og låg tre veker på andreplassen der men toppa lista i fire veker i New Zealand. Singelen vart ein av dei bestseljande det året i Nord-Amerika, Sentral-Europa og Oseania. Det er ein av dei 300 bestseljande britiske singlane nokon gong.

Utvikling

Seint i 1982 møtte Nile Rodgers David Bowie i New York på klubben Continental, der to snakka om felles kjende i industrien og delte musikkinteresser. Bowie inviterte så Rodgers heim til seg i Sveits, som Rodgers forstod ville vere ei prøvespeling.

Bowie brukte ein 12-strengs akustisk gitar med berre seks strengar og spelte eit mønster med to akkordar for Rodgers, som Rodgers meinte høyrtest «mørk ut» og som ei «folkevise». Bowie ønskte å kalle han «Let's Dance» og meinte det kom til å bli ein hit. Rodgers spurte om han kunne får arrangere musikken og flytta han til ein høgare skala, byta toneart til B♭, inverterte akkordane og la til oppslag. Dei to spelte så inn ein demo den 19. og 20. desember 1982 i Mountain Studios med ei gruppe musikarar, mellom anna Erdal Kızılçay på bass. Kızılçay hadde ein liknande stil som Jaco Pastorius, men han og Rodgers kom etter kvart fram til ei enklare basslinje for songen.

I 2018 sa Rodgers «Denne demoinnspelinga var den første indikasjonen på kva me kunne gjere når eg tok 'folkevisa' hans og arrangerte han til noko som heile verda snart kom til å danse til og tilsynelatande ikkje har slutta å danse til for minst 35 år! Det vart ein blåkopi ikkje berre for songen 'Let’s Dance', men òg for heile albumet.» Ein redigert versjon av demoinnspelinga, miksa av Rodgers, vart gjeve ut digitalt den 8. januar 2018, og heile demoen (7:34) kom ut som 12" vinylsingel den 21. april. Gitarspelinga til Rodgers har ein markant funk-stil, men han var redd for at «disco sug»-rørsla kom til å hindre suksessen til songen. Versjonen av «Let's Dance» som kom med på albumet hadde gitarar spelt gjennom forseinkingar av lydteknikaren Bob Clearmountain og skild til notegrupper, markert av basslinja.

Musikkvideo

Musikkvideoen (som nyttar den kortare singelversjonen) vart laga i mars 1983 av David Mallet i Australia, mellom anna ein bar i Carinda i New South Wales og Warrumbungle National Park nær Coonabarabran. I byrjinga kan ein sjå Bowie med ein kontrabassist inne i ein liten pub i Carinda Hotel og eit aboriginar-par som dansar 'naturleg' «til songen dei spelar på radioen». Paret i denne scenen og i heile videoen er spelt av Terry Roberts og Joelene King, to studentar frå Aboriginal Islander Dance Theatre i Sydney. Sidan Bowie ønskte verkelege folk, er nokre av innbyggjarane frå den 194 mann store landsbyen Carinda òg på puben, og ser på og gjer narr av paret. Dei forståd ikkje kven Bowie er eller kva det handlar om, så oppførselen deira mot paret i videoen er verkeleg.

Dei raude skoa nemnt i songen dukkar opp i fleire samanhengar. Paret vandrar høgtidleg gjennom utmarka med nokre andre aboriginar, når den unge kvinna finn eit par mystiske raude sko på eit ørkenfjell og med ein gong set i gang å danse. Linja 'put on your red shoes' som Bowie syng minner om Hans Christian Andersen-soga «De røde sko», der den vesle jenta forgjeves vart freista til å ta på seg skoa, berre for å finne ut at dei ikkje kunne tas av igjen, og skilde ho frå Guds nåde - som Bowie syng, «let's dance for fear your grace should fall» Bowie sa «Dei raude skoa er eit funnen symbol. Dei er enkelheita i kapitalistsamfunnet og strevar på eit vis etter suksess – vart musikk handlar berre om å 'ta på deg dei raude skoa dine'».

Like etter vitjar paret museum, har middagar med stearinlys og slepp tilfeldig ned kredittkortet, full på modernitet og forbrukerisme. Under ein spasertur gjennom ein butikkarkade oppdagar paret det same par raude skoa til sals i eit vindauge, deira personlege nøkkel til glede og fridom. Dei kastar bort dei magiske skoa i motvilje, stampar dei ned i støvet og vender tilbake til fjella, og tar ein siste kikk på byen dei har etterlate seg.

Bowie skildrar denne videoen (og videoen for den neste singelen, «China Girl») som «særs enkle, særs direkte» utsegner mot rasisme og undertrykking, men òg særs direkte utsegner mot integrasjon av ein kultur med ein annan.

Mottaking

«Let's Dance» vart av Ed Power i Irish Examiner skildra som «ganske bra funkrock». BBC-skribenten David Quantick sa «kombinasjonen av Bowie og Rodgers var perfekt - den episke teksten til Bowie om å danse under 'det alvorlege månelyset' og det strålande crescendoet i byrjinga frå The Beatles-versjonen av The Isley Brothers sin 'Twist and Shout' var meisterslag, kvar smidde til ein høgydt, stadiumaktig tromme- og basslyd». Stephen Thomas Erlewine i AllMusic kalla songen, i lag med «Modern Love» og «China Girl», ein «fengande, lyttarvenleg song som akkurat er kvass nok til å gjere han særeigen». Dave Thompson i AllMusic skreiv «songen er ein av dei mest tydeleg kommersielle songane til Bowie, som i tillegg har ein av ei enklaste tekstane hans. Det sosiologiske innhaldet som songen historisk sett er blitt kreditert for kjem heilt frå den tilhøyrande, i motsetnad til teksten som gjer lite anna enn å repetere tittelen rundt spreidde påkallingar av 'serious moonlight' og skarlagent fottøy.»

Songen introduserte Bowie til eit nytt, yngre publikum som ikkje kjende til musikken hans frå 1970-åra. Sjølv om songen var den mest populære songen hans til då, hadde suksessen den upassande effekten av å distansere Bowie frå den nye fansen sin, og Bowie sa han ikkje visste kven dei var eller kva dei ønskte. Dei neste to albuma hans, laga som eit forsøk på å imøtekome det nyoppdaga publikummet hans, leid kreativt som eit resultatet av dette og Bowie omtalte dei sidan som dei albuma han var minst nøgd med i karrieren sin.

Frank Zappa-songen «Be In My Video» frå albumet Them Or Us i 1984 gjer narr av musikkvideoar generelt, og særskild videoen til «Let's Dance» – som pomoøse og full av klisjear.

Ettermæle

Den kortare singelversjonen av «Let's Dance» har kome ut på mange samlealbum, frå og med Changesbowie i 1990, og vart ommastra, i lag med heile Let's Dance i 2018 for plateboksen Loving the Alien (1983–1988).

I filmen Zoolander frå 2001 speler songen medan Bowie dukkar opp i filmen.

I 2007 gav Bowie R&B-songaren Craig David løyve til å sample songen for singelen hans «Hot Stuff (Let's Dance)».

Let's Dance: Bowie Down Under, er ein kort dokumentar av Rubika Shah og Ed Gibbs, som omhandlar filminga av musikkvideoen i den australske villmarka. Han hadde premiere på Berlin International Film Festival i februar 2015.

Jimmy Fallon spelte songen som ein hyllest til Bowie i ein episode av Saturday Night Live i 2017. Episoden var den første nokon gong som gjekk live over heile USA. Nile Rodgers spelte òg songen på gitar.

2. januar 2021 vart «Let's Dance» rangert på 139. plassen på Topp 300-lista til lyttarar på SiriusXM's Big 80s On 8.

Konsertversjonar

Songen vart mykje framført på Serious Moonlight-turneen (namnet på turneen kjem frå teksten på «Let's Dance»), og kom ut i 1983 på konsertvideoen Serious Moonlight. Songen vart òg framført på Glass Spider-turneen i 1987 (og kom ut i 1988 på Glass Spider), og igjen i 1990 på Sound+Vision-turneen. Han vart spelt akustisk i 1996 og så omarbeidd til ein dels akustisk versjon for turenane i 2000 og seinare. 25. juni 2000 framførte Bowie songen på Glastonburyfestivalen og dette opptaket kom ut i 2018 på Glastonbury 2000. Eit konsertopptak frå 27. juni 2000 kom ut på BBC Radio Theatre, London, 27. juni 2000, ei bonusplate som følgde dei første utgåvene av Bowie at the Beeb i 2000. Nile Rodgers spelte òg ofte songen, og han var ein del av settet hans under verdsturneen hans i 2017-2018 med Chic. I 206 nådde eit konsertopptak av «Let's Dance» med Tina Turner 31. plassen i Frankrike.

Innhald

7": EMI America / EA 152 (Storbritannia)

  1. «Let's Dance» (singel) (David Bowie) – 4:07
  2. «Cat People (Putting Out Fire)» (Bowie, Giorgio Moroder) – 5:09

12": EMI America / 12EA 152 (Storbritannia)

  1. «Let's Dance» (Bowie) – 7:38
  2. «Cat People (Putting Out Fire)» (Bowie, Moroder) – 5:09

Kassett

  1. «Let's Dance» (Bowie) – 7:38
  2. «Cat People (Putting Out Fire)» (Bowie, Moroder) – 5:09

Medverkande

    Production
  • Nile Rodgers – produsent

Salslister

Vekeslister

Liste (1983) Plassering
Australia (Kent Music Report) 2
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40) 2
Belgia (Ultratop 50 Flandern) 1
Canada Top Singles (RPM) 1
Europa (Eurochart Hot 100) 1
Finland (Suomen virallinen lista) 1
Frankrike (IFOP) 2
Tyskland (Media Control AG) 2
Irland (IRMA) 1
Israel (IBA) 1
Nederland (Nederlandsk Topp 40) 1
Nederland (Mega Single Top 100) 1
New Zealand (RIANZ) 1
Noreg (VG-lista) 1
Polen (LP3) 5
Spania (AFYVE) 4
Spania (Los 40 Principales) 1
Sør-Afrika (Springbok Radio) 2
Sverige (Sverigetopplistan) 1
Sveits (Schweizer Hitparade) 1
UK Singles (Official Charts Company) 1
US Billboard Hot 100 1
US Billboard Hot Dance/Disco 1
US Hot R&B/Hip-Hop Songs (Billboard) 14

Liste (2016) Plassering
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40) 54
Canada (Canadian Digital Songs) 44
Frankrike (SNEP) 21
Tyskland (Media Control AG) 73
Italia (FIMI) 50
Japan (Japan Hot 100) 53
Nederland (Mega Single Top 100) 67
New Zealand (RIANZ) 40
Portugal (Hung Medien) 37
Spania (PROMUSICAE) 77
Sverige (Sverigetopplistan) 64
Sveits (Schweizer Hitparade) 25
UK Singles (Official Charts Company) 23
US Hot Rock & Alternative Songs (Billboard) 7
US Digital Songs (Billboard) 35

Årslister

Liste (1983) Plassering
Australia (Kent Music Report) 24
Austerrike (Ö3 Austria Top 40) 16
Belgia (Ultratop 50 Flandern) 2
Canada Top Singles (RPM) 3
Frankrike (IFOP) 10
Tyskland (Official German Charts) 19
Nederland (Nederlandsk Topp 40) 10
Nederland (Single Top 100) 14
New Zealand (Recorded Music NZ) 2
Sveits (Schweizer Hitparade) 10
UK Singles (Official Charts Company) 4
US Billboard Hot 100 18
US Cash Box 4
Liste (2016) Plassering
US Hot Rock Songs (Billboard) 99
Liste (2019) Plassering
Portugal (AFP) 1641

Gjennom alle tider

Liste (1958-2018) Plassering
US Billboard Hot 100 583

Salstrofé

Region Salstrofé Salstal
Canada (Music Canada) Platina 10 000^
Frankrike (SNEP) Gull 873,000
Italia (FIMI) Gull 25 000*
Japan 100,000
Storbritannia (BPI) Platina 1,064,227
USA (RIAA) Gull 0^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Andre versjonar

  • Kex - 12" singel (1983)
  • Falco - Junge Roemer (1984)
  • Tina Turner - Tina Live in Europe (duett med David Bowie) (1988)
  • Overdose - Ashes to Ashes: A Tribute to David Bowie (1998)
  • The Heroes - Access All Areas (1999)
  • La Pieta - Let's Dance (1999)
  • Second Skin - Goth Oddity 2000: A Tribute to David Bowie (2000)
  • Mýa - Shall We Dance? Soundtrack (2004)
  • Craig David - Hot Stuff (Let's Dance) (2007)
  • Paula Flynn (2007)
  • Hi-Tack (2007)
  • Porro y Los Boboar - Hero: The Main Man Records Tribute to David Bowie (2007)
  • Sophie Ellis-Bextor på konsert i 2007.
  • Chic - Chic Freak and More Treats
  • Angèle Dubeau
  • E-Male - Single
  • Dokkumer Lokaatsje
  • Rabbit in the Moon
  • The Rockridge Synthesiser Orchestra - Plays David Bowie Classic Trax
  • The Smashing Pumpkins spelte songen live.
  • The Futureheads på ei 80-talssamling for Q Magazine.
  • M. Ward spelar songen på albumet Transfiguration of Vincent.
  • Rob Thomas fleire gonger live
  • Ween på konsert.

Kjelder

Bakgrunnsstoff


Føregangar
«Save Your Love»
Renée & Renato
Toppen av VG-lista
David Bowie

6 veker, veke 15–20, 1983
Etterfylgjar
«Främling»
Carola Häggkvist

Tags:

Let's Dance UtviklingLet's Dance MusikkvideoLet's Dance MottakingLet's Dance EttermæleLet's Dance KonsertversjonarLet's Dance InnhaldLet's Dance MedverkandeLet's Dance SalslisterLet's Dance SalstroféLet's Dance Andre versjonarLet's Dance KjelderLet's Dance BakgrunnsstoffLet's DanceCat People (Putting Out Fire)

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

KonservatismeAmazonaselvaChristian StrandTuk-tukSionistZjytomyr oblastLillaHeilage onsdagMargrete ValdemarsdotterEndurance-ekspedisjonenErik FollestadStareMyggSnønipaEngelskCalling ElvisRiksveg 7Alexander von HumboldtOpplettLily of the ValleyÅl i HallingdalLeksikonTysdagBjørnstjerne BjørnsonBokstaven betNasjonaldrikkLønnNasjonaldagAsiaYour Latest TrickLeningrad oblastNapoléon BonaparteKristian ØdegårdÅrhusCanterbury sceneAlbumet That'll Be the DayBjørnSvalbardtraktatenSauJulie EgeElefantEkornSaint-DizierWiki CommonsSérresByar i HellasNattverdLydia Torsvik GieselmannMidtbanespelarNordahl GriegMurmanskOnly Love SurvivesStrynefjelletYRStillitsCountryOlav V av NoregKielkanalenHarry PotterSkjæltorsdagChampions LeagueInnsjøar i SverigePåskeprosesjonKattBurusjøenSimpsonsVasco da GamaArturo VidalDavid CameronHarpeSpanskNintendo 3DSM.I.A.SvartehavetRakia🡆 More