New Wave: Musikksjanger

New wave eller nyveiv er ein rockesjanger som oppstod seint i 1970-åra og i 1980-åra.

Han oppstod frå pønkrock som ein reaksjon mot popmusikken i 1970-åra. New wave nytta element frå rock and roll, elektronisk/eksperimentell musikk, ska, reggae, powerpop, mod, disco og funk.

Oversyn

Uttrykket «new wave» er ei kjelde til forvirring. Det vart introdusert i 1976 i Storbritannia av Malcolm McLaren, manageren til Sex Pistols, som eit alternativt namn for det som vart kalla «pønk». Uttrykket vart snart plukka opp av britiske pønkmagasin som Sniffin' Glue og så av den profesjonelle musikkpressa. Uttrykket «new wave» vart altså nytta som eit synonym for «pønk» i starten.

I USA trengde Seymour Stein i Sire Records eit uttrykk han kunne nytte om banda han nettopp hadde signert, og som ofte spelte på klubben CBGB i New York City. Radiorådgjevarar i USA gav råd til klientane sine om at punkrock berre var eit moteomgrep og Stein gjekk derfor inn for uttrykket «new wave». Artistane hans, som Ramones, Patti Smith og Talking Heads, var antikorporative, eksperimentelle og frå ein generasjon som hadde vokse opp som kritiske brukarar av kunsten dei no praktiserte.

Snart etter byrja lyttarane å skilje desse musikarane frå «ekte pønkarar». Musikkjournalisten Charles Shaar Murray skreiv i samband med ein omtale av Boomtown Rats at uttrykket new wave hadde vorte eit samleomgrep nytta om artistar knytte til pønkrørsla, men som på ein eller annan måte likevel var forskjellige frå ho.

Musikken som følgde garageband-stilen til Sex Pistols vart kalla «pønk», medan musikken som var meir eksperimenterande med meir avanserte tekstar og meir polert produksjon vart kategorisert som «new wave». Dette inkluerte artistar som hadde kome fram i britisk pubrock på midten av 1970-talet, som Ian Dury, Nick Lowe, Eddie and the Hot Rods og Dr. Feelgood; artistar som var knytte til New York-klubben CBGB, som Television, Patti Smith, og Blondie; og soloartistar kjend for skarpe, intelligente tekstar, som Elvis Costello, Tom Robinson og Joe Jackson. Mange artistar som opphavleg vart kalla punk vart òg kalla New Wave. Ei samling frå 1977 frå Phonogram kalla New Wave inneheldt amerikanske artistar som Dead Boys, Ramones, Talking Heads og The Runaways.

Enno seinare vart «new wave» nytta om mindre støyande, meir pop-aktig musikk, medan post-punk vart nytta til å skildre mørkare, mindre pop-aktige grupper som Siouxsie & the Banshees, The Cure, Soft Cell og The Psychedelic Furs. Sjølv om dei er forskjellige har pønk, new wave og post-punk alle felles grunnlag: ein energisk reaksjon på det desse artistane såg på som overprodusert, uinspirert popmusikk i 1970-åra.

Amerikansk definisjon av new wave

New wave i USA er eit samleomgrep som vert nytta til å skildre musikk som oppstod seint i 1970-åra og som var på topp i 1982-1983, då mange britiske grupper låg på toppen av listene. Artistar som vart kalla new wave var mellom anna Elvis Costello, The Police, Gary Numan og Squeeze. Mange av desse artistane unngjekk sjølv dette omgrepet.

Frå tidleg i 1980-åra og fram til 1988 vart uttrykket «new wave» nytta i Amerika til å skildre nesten alle nye pop- eller poprock-artistar som hovudsakleg nytta synthesizerar. Døme på slike artistar i USA var Duran Duran, A Flock of Seagulls, Depeche Mode, Eurythmics, The Fixx, Thompson Twins, Tears For Fears, The Human League, Men Without Hats, Thomas Dolby og Culture Club. Uttrykket vert framleis nytta til å skildre desse gruppene.

Nyare new wave

Tidleg i 1990-åra plasserte det britiske musikkmagasinet NME fleire gitarbaserte band under omgrepet «New Wave of New Wave». Desse gruppene, som S*M*A*S*H, These Animal Men, Elastica og Echobelly, nyttar estetikken frå new wave på 1970-talet, som kvass gitar, tettsittande klede og skinnslips.

Mange andre indierockband har gjort new wave-stilen populær igjen som ein del av post-punk revival-rørsla med varierande suksess. Dei mest populære av desse har vore Kaiser Chiefs, Franz Ferdinand, The Killers, The Bravery og Mute Math. Andre band og artistar som har ført new wave-musikken tilbake til 2000-talet er mellom anna Epoxies, theSTART, Gwen Stefani, Ladyhawke, The Sounds, Santogold, Lights og The Ting Tings.

New wave-mote

New wave-motane var ein bevisst reaksjon på hippie-stilen frå 1960-åra, som hadde utvikla seg til å verte populær overalt seint i 70-åra. Slengbukser og langt hår for menn vart erstatta av meir tettsittande klede og kortare, ofte piggete hår. Dei tettsittande kleda og og dei tynne slipsa som Blondie hadde på seg på albumet Parallel Lines var særs viktige for new wave-utsjånaden, som vender tilbake til rock and roll-stilen før hippie-tida.

Ei anna side med new wave-stilen var bruken av syntetiske stoff, som spandex, lyse fargar og masseproduserte billige smykke. Ein viktig avart av new wave-moten av new romantic-rørsla, som la vekt på det androgyne og mykje bruk av syntetiskaktig sminke for begge kjønn.

New wave-stilar

  • 2 Tone
  • Pubrock
  • Synthpop
  • Electropop
  • Mod Revival
  • Power pop
  • La Movida Madrileña

Parallelle rørsler

  • Coldwave
  • Darkwave
  • Indie
  • Neue Deutsche Welle
  • No Wave
  • Minimal Wave

Kjelder

Tags:

New Wave OversynNew Wave Amerikansk definisjon av new waveNew Wave Nyare new waveNew Wave New wave-moteNew Wave New wave-stilarNew Wave Parallelle rørslerNew Wave KjelderNew WaveDiscoElektronisk musikkFunkPowerpopPønkrockReggaeRockRock and rollSka

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Skeiselandskampen Nederland–Noreg 1974Vanylven kommuneLofotenClement AttleeJaktaBrad PittSur i OmanNoregMaiken Caspersen FallaCubaJal i OmanSovjetunionenTamilPoNynorskMultiplikasjonIndiaKonfutseEspen Barth EideJesusAfghanistanStylídaØEmma EllingsenChristmasøyaDie WelleDet latinske alfabetetNasjonaldyrPeter Wessel TordenskjoldNasjonalsteinRombeOffisielt språkHydrogenCelsiusErik AndersenNorsk ytre språkhistorieHalloBjørkefinkAdministrativ inndeling i HellasGrunnstoffliste etter atomnummerKyle WalkerPelle PolitibilT-banen i OsloVelosipedSang til BergenEnzymFilmserien Harry PotterAfrikaMarte GerhardsenSaltProsaAda LovelaceMatriarkSara SkjoldnesBenito MussoliniChancyCarl Philip av SverigeMount EverestMólos-Ájos KonstandínosTerje StrømdahlGalileo GalileiVevdesignC++Ragnhild BrochmannMorfologi i biologiKazanDet britiske imperietHol kommuneSkytjePompeiiBjørnHaiti🡆 More