Estetikk

Estetikk (frå gresk Αισθητική, Aisthētiké, 'sansekunnskap' eller 'oppfatning') er eit kunstteoretisk omgrep brukt om både «læra om kunnskap som kjem til oss gjennom sansane» og «læra om det vakre og vene i kunsten».

Estetikk
Fontaine av Marcel Duchamp (1917). Det sentrale spørsmålet i estetikk er kva er fint og kva er stygt.

Ordet «estetikk» vert òg brukt som eit samleomgrep for felles stilideal, ein kulturell smak eller eit kunstsyn som er dominerande i ein periode eller i eit samfunn. Ein kan såleis snakke om hinduismens estetikk, nazismens estetikk og så vidare.

Estetisk filosofi

Estetikk 
Tittelbladet til Aesthetica (1750—58)

Estetikk er ei grein av filosofien som tek føre seg kunstens natur, venleik og smak. Omgrepet «estetikk» innan filosofien vart først brukt av den tyske filosofen Alexander Gottlieb Baumgarten (1714–1762) i boka Aesthetica i 1750—1758. Dette la grunnlaget for estetisk filosofi som ein sjølvstendig filosofisk vitskap.

Oppleving, sansing og kulturell smak

Estetikk kan definerest som menneskets oppleving av omgjevnadene sine og av føremål dei bruker på ulike måtar. Å gje omgjevnader og føremål ei formgjeving dei har likt har vore viktig for menneska både i hverdagsliv og i kunst, frå design og arkitektur til musikk og litteratur. Den franske sosiologen Pierre Bourdieu (1930–2002) gjev eit teoretisk grunnlag som avgrenser estetikken som handler om kva ikkje estestiske haldninger som gjer seg gjeldande i det sosiale spelet i kulturlivet. For å forstå dette må dei kjenneteikna eller signala dei ulike aktørane omgjer seg med analyserast.

Estetiske fag

Omgrepet estetiske fag brukest ofte om kreative fag som målarkunst og ymse formggjevingsfag, men kan òg omfatte for eksempel dans, teater, musikk, skjønnlitteratur.

Nærskylde ord

  • Estetisk vert brukt om det som følgjer estetikkens reglar eller er harmonisk og vakkert.
  • Estetiker eller estet er ein person som er særleg oppteken av det vakre.
  • Å estetisere vil seie å gjere noko vakrare, særleg når det er overdrive og utelukkande.
  • Estetisisme er en haldning der ein person først og fremst er oppteken av estetiske kvalitetar og alt som er vent.

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Litteratur

  • Monroe C. Beardsley Aesthetics from Classical Greece to the present, London 1966, ISBN 0-8173-6623-7
  • Monroe C. Beardsley Aesthetics, problems in the Philosophy of Criticism, Indianapolis, Cambridge 1981, ISBN 0-915145-09-X
  • Donald Broady og Mikael Palme Pierre Bourdieus kultursociologi i Thuen , Harald og Vaage, Sveinung (red) Oppdragelse til det moderne. Oslo: Universitetsforlaget 1989
  • Odd Brochmann, , En bok om stygt og pent Oslo 1953, senere også øvrige nordiske språk samt tysk og engelsk.
  • Jørgen Dehs Æatetisk teorier, Odense 1995, ISBN 87-7838-131-2
  • Immanuel Kant Kritikk av dømmekraften, Oslo 1995, ISBN 82-530-1719-7
  • Søren Kjørup Kunstens filosofi, en indføring i Æstetik, Roskilde 2000, ISBN 87-7867-044-6
  • Jean Lacoste Idéen om det skjønne, Trekk fra estetikkens historie, Norsk utgave 1997, ISBN 82-91004-45-5
  • Magne Malmanger Kunsten og det skjønne, vesterlandsk estetikk og kunstteori fra Homer til Hegel, Oslo 2000, ISBN 82-03-18309-3
  • Lars Fr. H. Svendsen Kunst, 2000 ISBN 9788200454304

Tags:

Estetikk Estetisk filosofiEstetikk Oppleving, sansing og kulturell smakEstetikk Estetiske fagEstetikk Nærskylde ordEstetikk Sjå ògEstetikk KjelderEstetikk BakgrunnsstoffEstetikkGresk

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Desta Marie BeederTaekwondoHardy-gutteneJacob Tullin ThamsRimJorvikDen raude plassenDiktBjørnAudrey HorneGrønlandPeriklesDet nederlandske koloniriketRudolf BlodstrupmoenKlima i ArgentinaLamíaOslo Øst fotballNynorskKvalsafariHellasKommuneBokfinkEdderkoppar i kulturenAspropótamos i TríkalaJantelovenSki-VM 2019FuerteventuraHarald EiaSpesifikk varmekapasitetElektrisk kraftAfghanistanGorgopótamosPave Johannes Paul IVestlandetWikiRusslandDet amerikanske flaggetOdd NordstogaHolbækSigmaOperativsystemMDet indiske kastesystemetJerpeDS «Iris» (1901)NazismeKlanenFredrik SolvangOrHindugudarAkslaSkiáthosNederlandskDonald TrumpHarald V av NoregTilsynelatande storleiksklasseEnrico CarusoNordland fylkeHistorisk oversyn over kommunar i HordalandTrøndelag fylkeAlmyrósPer PaustBrasilPodsolMorfemForbundsrepublikkNoregTorstein FlakneSilvia av SverigeVossamålJordaPolarlysVoss heradFreddie Mercury🡆 More