Len

Len er innan føydalisme (òg kalla lensvesen) nemninga på eit område som ein person vert gjeven styringsrett over.

Styringsretten kan verta gjeven av ein fyrste, konge eller keisar. Ein som styrte eit len vart gjerne kalla lensherre. I fleire land er len vorte ei nemning på regionale styresmakter, tilsvarande norske fylke. I Sverige og Finland vert dette styringsnivået kalla Län (finsk språk: Lääni).

Len var viktige administrative einingar i Danmark-Noreg inntil eineveldet vart innført i 1660. På byrjinga av 1500-talet var inndelinga ikkje stabil, men vart utgjort av fire faste slotts- eller hovudlen og om lag 30 smålen. Det fanst òg ei eining som vart kalla godslen. Frå 1500-talet og fram til 1660 var det fire hovudlen eller slottslen i Noreg:

I 1660 vart Noreg delt inn i ni hovudlen:

  • Akershus len
  • Tunsberg len
  • Bratsberg len
  • Agdesiden len
  • Stavanger len
  • Bergenhus len
  • Trondheim len (Trondhjems len)
  • Nordlandene len
  • Vardøhus len

Talet på smålen var redusert til 17.

Ved forordning av 19. februar 1662 vart nemninga len erstatta av amt for desse forvaltningsområda.

Sjå òg

Tags:

FinlandFinsk språkFylkeFyrsteFøydalismeKeisarKongeLensherreLänLääniStyresmaktSverige

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

SekulærNasjonalsteinThívaØstenstadKumøkkSpesifikk varmekapasitetDomenetapKreklingMaiMicrosoft WindowsGrønlandLinn UllmannOperatunnelenEmma EllingsenKvadratmeterJerpeVest-TysklandSolan GundersenAssociatesCyanFlorøOblatHolmenkollmedaljen330 skvadronSpaniaNordsamiskThoriumkraftverkSkhimatáriBrusselDag HammarskjöldPláka DílesiLandsmålSaltNatriumPannemerke i hinduismenDet latinske alfabetetTelekommunikasjonNynorsk WikipediaDrivhusgassKongsberg SølvverkKaspihavetRolf WiderøeLars SponheimIsraelKalkulusRådyrFolkerepublikken KinaEuropiumLofotenTorinoAnne Lise GjøstølMonogamiUrfolk i USAKoboltDet nederlandske koloniriketKriminalitetFagorganisasjonFirenzeHaikuFlaggdagarKalsiumkloridGnuPelle PolitibilHammarby IF FFÆrfuglAliártosHøgaste fjell i EuropaRekonvalesensDanskSt. PetersburgFærøyaneOddaStorfuglCarl LarssonCarl Philip av SverigeEngland🡆 More